Rekordaar for Stranda Staalindustri
PIZZA: Stranda Stålindustri er i hovudsak ein underleverandør, med transportband til Orkla sin pizzaproduksjon som eit unntak.
Nytt

Rekordår for Stranda Stålindustri

Avlusing og investeringsauke i næringsmiddelindustrien gav Stranda Stålindustri eit solid oppsving i fjor.

19.05.2017
- Det har vore eit hektisk køyr, seier dagleg leiar og medeigar Gunnar Berge.
Ordreinngangen byrja å auke i fjor sommar og sidan strøymde det på. Resultatet blei rekordhøg driftsinntekt, og stor auke i lønsemda (sjå tabell).
Stranda Stålindustri er ein underleverandør til mellom andre naboen Optimar, som held hus 50 meter unna på industriområdet Svemorka i Stranda.
Like ved ligg også Norsk Sjømat og Orklas pizzafabrikk, begge selskap der Stranda Stålindustri har oppdrag, direkte eller indirekte. Å ha store kundar tett på er ein fordel.
- Oss ligg veldig strategisk til, seier Berge.

Luse-suksess

Optimar har stor suksess med sitt eigenutvikla avlusingsanlegg, og det har også kome Stranda Stålindustri til gode. I tillegg har selskapet også kunne nyte godt av at næringsmiddelindustrien generelt har auka investeringane.
- Det har gått veldig bra med alle desse næringsmiddelbedriftene, seier Berge.

Overtid og innleige

Overtid og innleige av folk frå bedrifter med ledig kapasitet måtte til for å få oppdraga unna.
Selskapet sysselset ti årsverk, og Berge reknar med at dei blir verande på det nivået.
Så langt ser det ut som 2017 skal bli omlag som 2016, men Berge ser teikn til at ordreinngangen er i ferd med å flate ut.

Publisert: 19.05.2017 14:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09