Katrin Blomvik foto Marius 1
GEIRANGER: Dagleg leiar Katrine Blomvik ved Geirangerfjorden Verdsarv er overvelda over responsen på prosjektet med digitale nomadar. Foto:
Kort fortalt

15.000 (!) vil prøvebu i Geiranger

– Heilt spinnvilt og overveldande, seier verdsarvdirektøren.

16.10.2025

15.000 har søkt om å få bu gratis ei periode i Geiranger eller nabobygdene, ifølgje NRK Møre og Romsdal. 

– Det er heilt spinnvilt og overveldande. Eg hadde aldri drøymt om slike tal, seier Katrin Blomvik Bakken som er dagleg leiar i Geirangerfjorden Verdsarv til kanalen. 

Onsdag gjekk fristen ut for å søke å vere med i busettingsprosjektet Arctic Digital Nomads Stipend. Då Nett No omtala søkjartala for få dagar sidan, var dei komne opp i 7.500 søkjarar. 

Både familiar og enkeltpersonar har søkt om få bu gratis ei periode i Geiranger, Norddal og Eidsdal i vinter. I tillegg får deltakarane tilgang til arbeidsfellesskap. Innan 1. november skal 15 personar bli plukka ut som får vere med. 

Nordisk Atlantsamarbeid (NORA) har gitt 750 000 kroner til å vidareføre prosjektet frå i fjor, og målet er at stipendet skal bli lyst ut årleg. Også lokalsamfunn på Island og Færøyane er med på prosjektet. 

Publisert: 16.10.2025 15:50

Sist oppdatert: 16.10.2025 15:54

Mer om