Kort fortalt

Avtale med Australia-selskap

Vurderer hydrogen-eksport til sjøs.

08.05.2023

Norwegian Hydrogen i Ålesund og Provarius i Australia har gjennomførte ei forstudie av ei mogleg løysing for sjøvegs eksport av hydrogen frå Noreg til Europa, skriv selskapa i ei felles pressemelding.

Resultatet er slik at dei to selskapa har bestemt seg for å samarbeide vidare for å utvikle prosjektet.

Planen er å frakte hydrogen under trykk frå Noreg til mottakssentralar i Europa. Hydrogenet skal vere såkalla "grønt", som betyr at det er produsert gjennom elektrolyse av vatn basert på straum frå vasskraft, solkraft eller vindkraft.

Elektrolyse splittar vatn i hydrogen og oksygen. Når hydrogen smeltar saman med oksygen igjen, i ein brenselcelle, blir det frigjort energi som kan produsere elektrisitet - til elmotorar med vatn som einaste utslepp.

Dei to selskapa starta eit samarbeid i januar i år.

Om alt går etter planen kan eksporten starte i 2027, frå eit produksjonsanlegg i Noreg og vere på 50.000 tonn året. Partane vil førebels ikkje gå ut med kvar anlegget skal ligge.

Norwegian Hydrogen har starta byggin av sin første fabrikk for hydrogenproduksjon på Hellesylt. Den skal lever knapp 500 tonn hydrogen i året.

Publisert: 08.05.2023 11:38

Sist oppdatert: 08.05.2023 11:38

Mer om