Hareid Group gruppebilde 75 arsjubileum foto hg
HEIDER: Ein rekke tilsette i Hareid Group fekk utdelt heider for innsatsen i konsernet gjennom ei årrekke. Foto: Hareid Group
Kort fortalt

Heidra tilsette under 75-årsjubileum

Hareid Group feira med fest og medaljeutdeling.

Marius Rosbach
01.10.2025

Hareid Group markerte i helga sitt 75-årsjubileum med feiring i Ålesund. Det melder konsernet på sosisale medier. 

Undervegs vart det mellom anna delt ut Norges Vel-medaljar til sju tilsette med over 30 års fartstid i konsernet. Seks tilsette fekk jubileumsklokke for innsatsen gjennom 25 år. Heideren blei delt ut av ordførar Bernt Brandal i Hareid. 

Jubileet blei feira med lunsj på Fjellstua og festmiddag på Scandic Parken-hotellet med underhaldning frå Else Kåss Furuseth og Sivert Høyem. 

Publisert: 01.10.2025 10:01

Sist oppdatert: 01.10.2025 10:01

Mer om