Jordbær frå Valldal har blitt ein sterk merkevare, men pilane for produksjonen peiker nedover.
Det er tema for ei sak som kjem på bordet til kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal torsdag.
Sidan 2017 har 7 av 23 fruktbønder i Valldal lagt ned. Produksjonen per bonde har gått opp i same periode, men den samla bærhausten har vorte mindre.
Medan det vart produsert kring 430 tonn bær i snitt årleg i 2018/2019, hadde volumet gått ned til 254 tonn i 2021/2022.
Fylkeskommunedirektøren foreslår at politikarane løyver knappe 598.000 kroner til å gjere ei analyse og lage eit framtidsscenario for frukt- bær- og grøntproduksjon i Fjord kommune.
– All matproduksjon må vere i utvikling, og ta høgde både for endring av forbrukarane sine preferansar og endring i dei klimatiske og agronomiske vilkåra, heiter det i vurderinga i sakspapira.
Tilskotet kan utgjere opptil 75 prosent av kostnadene.
Publisert: 24.10.2023 11:20
Sist oppdatert: 24.10.2023 11:20