Sunnmøre tingrett foto ogne
Illustrasjonfoto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Milliongjeld i Herøy-konkurs

Oppbod for firma som driv foredling frå sel- og kvalfangst.

Marius Rosbach
14.10.2025

Sunnmøre tingrett opna måndag konkurs i Arktisk Næringsdrift i Herøy, etter at selskapet melde oppbod.

 Firmaet blei starta i 2020 og er registrert innan fangst og fiske, og driv med foredling av produkt frå sel- og kvalfangst. Selskapet er dotterselskap av Polargodt som har vore i drift sidan 2000.

Dagleg leiar Arnfinn Karlsen fortel til Vestlandsnytt at vanskeleg tilgang på råvarer - ikkje minst grunna havari for selfangstskuta Havsel, gjorde at dei ikkje hadde anna val enn å legge ned. 

Karlsen påpeiker samtidig at konkursen ikkje vil få følgjer for leveransane av selolje frå morselskapet. 

Ifølgje rettspapira har Arktisk Næringsdrift ei gjeld på 2,7 millionar kroner, og dei verdiane er anslått til kring 100.00 kroner. Verksemda er innstilt, og har ingen tilsette. 

Arktisk Næringsdrift noterte si høgaste omsetning i 2023 med ein dryg million kroner, og eit resultat før skatt i underkant av ein halv million. 

I fjor vart inntektene kraftig barbert, og året enda med overskot. I rekneskapen skriv styret ar dei har tru på vidare drift, etter avklarande møter med kinesiske oppkjøparar.  

Thore Heggen er oppnemnt som bustyrar i saka og første skiftesamling er planlagt 17. november.

Publisert: 14.10.2025 08:46

Sist oppdatert: 14.10.2025 10:42

Mer om