Magnifica
AVSLAG: Store cruiseskip kjem til Måløy, men handelsstanden får likevel ikkje opne dørene på søndagar. Foto: Wikimedia Commons
Kort fortalt

Seier nei til søndagsope i Måløy

Regjeringa vil ikkje gi løyve til at butikkane kan opne når det cruiseturistar.

02.10.2025

(NPK-NTB): Regjeringa har avvist søknad om å halde butikkar ope på søndagar når cruiseskip besøkjer Måløy i Kinn kommune.

Barne- og familiedepartementet meiner det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for unntak frå søndagsstenginga, skriv Klassekampen.

Måløy Byforening ønskte å bruke turistunntaket i heilagdagslova for å halde butikkane opne når cruiseskip legg til kai. Statsforvaltaren i Vestland innvilga opphavleg dispensasjonen for fem søndagar i sommar, men fagforbundet Handel og Kontor klaga.

– Dette er veldig viktig for medlemmene våre, og vi er veldig glade for at statsråden har lytta til oss, seier leiar i HK region Vest Espen Berntsen til Klassekampen.

Departementet viser til omsynet til dei tilsette som avgjerande for vedtaket. Søknaden kunne ikkje dokumentere tilstrekkeleg tungtvegande økonomiske forhold som ville rettferdiggjere dispensasjon.

(©NPK)

Publisert: 02.10.2025 09:57

Sist oppdatert: 02.10.2025 09:57

Mer om