Kort fortalt

SSB: Nordmenn har fått betre råd

Pilene peikar oppover etter to år med nedgang.

04.09.2025

NPK-NTB: Nordmenn har fått auka disponibel inntekt i andre kvartal. Auken er på 2,2 prosent frå kvartalet før. Inntekta teke seg opp dei siste seks kvartala.

– God lønnsvekst, auke i pensjonar og stigande formuesinntekter har gjort at hushalda har fått betre råd det siste året, seier seksjonssjef Pål Sletten i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Høge renter og prisvekst et framleis opp ein del av inntektsveksten, men norske hushald har likevel hatt ein auke i disponibel realinntekt sidan første kvartal 2024 – etter nedgang dei to tidlegare åra.

Det betyr ikkje at alle har fått betre råd, understrekar Sletten.

– Det er store forskjellar mellom hushalda, seier han.

(©NPK)

Publisert: 04.09.2025 09:51

Sist oppdatert: 04.09.2025 09:51