Kort fortalt

Stor verdiauke i fiskerinæringa

Ny rapport talfestar vekst.

NPK
03.01.2023

(NPK): Frå 2000 til 2021 har verdien i fiskerinæringa, justert for inflasjon, gått opp med 60 prosent.

– Fiskeria er framleis ei viktig næring for kysten. Det har vorte ei veldig lønnsam næring med godt betalte arbeidsplassar og lønnsame reiarlag. Det er veldig stor verdiskaping i fiskeria, seier forskar Audun Iversen i Nofima til NRK.

Det vart i 2021 landa 2,59 millionar tonn fisk og skaldyr frå fiskeflåten til ein verdi på 23,9 milliardar kroner.

Tala kjem fram i ein ny rapport levert av Nofima og Menon Economics på oppdrag frå Forskingsfinansieringa til fiskeri- og havbruksnæringa (FHF).

– Dei fleste næringar baserte på naturressursar blir stadig mindre i ein moderne økonomi, men i Noreg går det motsett veg. Sjømaten har vorte viktigare for den nasjonale økonomien, seier Iversen

Totalt reknar Nofima og Mecon Economics med at 18.800 personar jobbar med fiskeri i Noreg. 8.100 av desse i leverandørbedrifter.

250 av kommunane i landet har direkte fiskeriaktivitet. Endå fleire tek del i verdiskapinga.

Det er i Nord-Noreg og på Vestlandet det blir skapt størst verdiar baserte på aktivitetane til fiskeflåten.

(©NPK)

Publisert: 03.01.2023 14:08

Sist oppdatert: 03.01.2023 14:09

Mer om