Volda skisenter foto volda skisenter
SVAK SESONG: Skitrekket til Volda Skisenter ligg på Reset. Foto: Volda Skisenter
Kort fortalt

Svakaste sesongen på fleire år

Nytt underskot etter to år med pluss for skisenter.

Marius Rosbach
09.01.2026

Den elendige snøvinteren i fjorårssesongen kjem til syne i den ferske rekneskapen til Volda skisenter. 

Driftsinntekter på drygt 1,9 millionar er den svakaste omsetninga skisenteret har hatt 2020-sesongen.

Rekneskapen enda også med eit nytt minusresultat, etter to år med overskot (sjå tabell under). 

Selskapet har avvikande rekneskapsår som går frå september til august, og tala gjeld vinteren 2024/25. 

Stryn Vinterski AS  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt1,92,5
Driftsresultat00,6
Resultat før skatt-0,30,3

Skisenteret har ikkje faste tilsette og dei største eigarane i selskapet er Volda Turn og Idrettslag (26,47 prosent) og Volda Kommune (25 prosent).

Eigenkapitalen var ved utløpet av rekneskapsåret redusert til 3,65 millionar. Den langsiktige gjelda var på knappe 3,8 millionar kroner, viser årsrapporten.

Publisert: 09.01.2026 11:25

Sist oppdatert: 09.01.2026 11:25

Mer om