I dag har Sparebank 1 Sogn og Fjordane omlag 300 årsverk. 20 skal bort, og det er tilsette i støttefunksjonar som får tilbod om sluttpakke.
Prosessen er tenkt å vare fram til nyttår, skriv banken i ei børsmelding.
Samstundes med nedbemanninga arbeider banken også med andre tiltak den meiner skal gjere drifta meir effektiv.
- Vi ønskjer færre og større einingar. Dette vil legge til rette for betre og meir effektiv ressursutnytting og samarbeid internt, seier administrerande direktør Trond Teigene i ei børsmelding.
Hovudtillitsvald Stine Solheimsnes seier det ikkje er overraskande at det kjem ei slik runde fordi det i lengre tid har vore jobba med kostnadskutt.
– Tillitsvalde-apparatet og leiinga har vore gjennom slike runder tidlegare med ryddige prosessar, og vi forventar ryddige og gode prosesser denne gangen også, seier Sunde.
Sparebanken hadde eit resultat før skatt på 509 millionar kroner per første halvår i 2025.
Banken hadde då ein rein kjernekapitaldekning på 19,3 prosent ved utgangen av juni, to prosent auke frå førre kvartal. Det gjorde at styret i banken føreslo utbetalt eit utbytte på 351 millionar til aksjonærane samla.
(Banken er ikkje børsnotert, men har børsnotert obligasjonslån.)
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,40 | 3,03 % |
| Atlantic Sapphire | kr 7,70 | 1,97 % |
| Endúr | kr 83,00 | -0,48 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 19,50 | 0,00 % |
| Hav Group | kr 6,60 | -1,49 % |
| Havila Kystruten | kr 1,23 | -3,91 % |
| Havila Shipping | kr 1,33 | 1,53 % |
| Hexagon Composites | kr 11,04 | 0,55 % |
| Hexagon Purus | kr 1,71 | 1,79 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,77 | 2,62 % |
| Tinde Sparebank | kr 120,50 | -0,41 % |
| Salmon Evolution | kr 5,14 | 1,78 % |
| Sparebanken Møre | kr 106,00 | 0,00 % |
Publisert: 02.10.2025 13:34
Sist oppdatert: 03.10.2025 16:05






