Eirik Kavli Ørskog Sparebank foto Ogne
KOM MED TAL: Banksjefane har hatt det travelt med å legge fram halvårstal denne veke. Sistemann ut i dag var Eirik Kavli i Ørskog Sparebank. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Bankresultat på rekke og rad

Med bankresultata som målestokk ser det slett ikkje verst ut.

11.08.2022

NETT NO/NPK-NTB: Halvårsrapportane til bankane har kome på rekke og rad denne veke.

Ørskog Sparebank-sjef Eirik Kavli var sistemann ut i dag, etter at både Sparebank1 SMN og Sparebanken Møre kom med tal tidlegare på dagen.

Tidlegare i veka la både Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane fram sine tal, og i morgon formiddag skal Sparebank1 Søre Sunnmøre kome med sin halvårsrapport.

Ørskog Sparebank har 42,3 millionar kroner (37,1) i inntekter i første halvår og eit resultat før skatt på 18,2 millionar (14,7). (Tal for 2021 i parantes). Tapa er minimale og utlåna er auka med 8,8 prosent dei siste 12 månadane.

Les børsmelding frå Ørskog Sparebank her. Banken har børsnoterte obligasjonslån og rapporterer difor reknskapstal til Oslo Børs.

Ørskog Sparebank er ikkje åleine om å gjere det godt. Tvert i mot, gode resultat er typisk viser SSB sin halvårsstatistikk for bankane.

Reduserte tap
Norske bankar hadde eit resultat på 31,3 milliardar kroner før andre inntekter og kostnader i første halvår 2022. Det er 2,3 milliardar kroner meir enn i fjor.

SSB peikar på at kredittapa på utlån utgjorde 443 millionar kroner, noko som er ein nedgang på 1,9 milliardar kroner samanlikna med første halvår i 2021.

Rentenettoen til bankane, differansen mellom renteinntekter og rentekostnader, var 5,5 milliardar kroner høgare enn i same perioden i fjor og enda på 47,2 milliardar kroner totalt.

Gode tal var ikkje nok til å få investorane i aksjemarknaden til å la seg positivt overraske. Eigenkapitalbevisa til Sparebanken Møre steig 1,33 prosent. Sparebank1 SMN sine eigenkapitalbevis (ikkje med på NETT NO si daglege oversikt), steig 0,63 prosent.

Dagens børsvinnar på Nordvestlandet er Golden Energy Offshore Services, med ein kursauke på 16,7 prosent. Offshorereiarlaget i Ålesund offentlegjorde at selskapet har fått leigd ut enten Energy Empress eller Energy Duchess i minst 12 månadar.

Les børsmelding om avtalen her

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,95 16,70 %
Havila Shipping 15,9 5,86 %
Hexagon Purus 28,5 2,96 %
Norva 24* 38,91 2,38 %
Hexagon Composites 32,4 1,89 %
Sparebanken Møre 76 1,33 %
Havyard Group 3,88 1,04 %
Statt Torsk 2,29 0,88 %
Nortel 18,9 0,53 %
Atlantic Sapphire 20,78 -0,10 %
Endúr 24,2 -1,00 %
Havila Kystruten 18,95 -1,04 %
Hav Group 13,82 -1,29 %
Hofseth Biocare 3,62 -1,36 %
Salmon Evolution 8,9 -1,44 %
Arctic Bioscience 14,5 -3,33 %
*Svenske kroner

Publisert: 11.08.2022 16:49

Sist oppdatert: 11.08.2022 16:50