Roger Hofseth foto Ogne
STOREIGAR: Roger Hofseth er storeigar i Hofseth Biocare som onsdag fekk størst oppgang på børsen av selskapa med adresse på Nordvestlandet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Dagens vinnar frå nordvest

Kursauke for Hofseth Biocare. Sjekk børstabell for Nordvestlandet.

Marius Rosbach
20.08.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka 

Onsdag var ikkje den mest spennande dagen på Oslo børs sett frå Nordvestlandet si side. 

Presentasjonen av tala for 2. kvartal frå Lerøy Havfisk i Ålesund var det mest handfaste som skjedde. Dei viste at fangsten gjekk ørlite ned samanlikna med same kvartal i fjor – medan inntektene auka nær 50 prosent. 

Årsaka er naturleg nok høgare prisar som følgje av reduserte kvoter. Lerøy Seafood-aksjen steig litt etterpå – men ikkje meir en 0,37 prosent i løpet av dagen, og enda på 49,22 kroner. 

Hofseth Biocare vart vinnaren av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet med ein oppgang på 10,86 prosent. Oppgangen skjer rett nok frå eit lågt nivå og aksjen slutta på 1,99 kroner. 

Hovudindeksen på Oslo børs slutta på 1644,9 poeng, etter ein oppgang på 0,57 prosent. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,98-4,10 %
Atlantic Sapphirekr                   9,35 -3,61 %
Endúrkr                87,30 -2,68 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                20,00 2,83 %
Hav Groupkr                   7,52 0,80 %
Havila Kystrutenkr                   1,34 -2,55 %
Havila Shippingkr                   1,48 -1,33 %
Hexagon Compositeskr                16,90 -1,86 %
Hexagon Puruskr                   1,85 1,42 %
Hofseth Biocarekr                   1,99 10,86 %
Tinde Sparebankkr              123,52 -4,23 %
Salmon Evolutionkr                   5,13 1,58 %
Sparebanken Mørekr              104,70 0,15 %
   

Publisert: 20.08.2025 17:02

Sist oppdatert: 20.08.2025 17:02