David Bandele
SLUTTAR: David Bandele har arbeidd i Hexagon Composites sidan 2014.
Nytt

Børsdagen: Finansdirektøren går av

Nytt aksjestup for Hexagon Composites.

11.11.2025

Børstabell for Nordvestlandet under saka

Etter å ha arbeidd i Hexagon Composites sidan 2014 sluttar finansdirektør David Bandele i selskapet. Han blir erstatta av Eirik Løhre, som er fungerande finansdirektør frå og med i dag.

Børsmeldinga om avgangen vart sendt ut før børsen opna i dag.

Meldinga vart ikkje godt mottatt  blant aksjeinvestorane og kursen fall frå 7,16 kroner aksjen måndag til 6,61 kroner aksjen ved stengetid tysdag. 

Det er ein nedgang på 7,6,8 prosent sidan børsslutt i går. Hittil i år har kursen falle over 85 prosent. Kursen verdset selskapet til 1,7 milliardar kroner. 

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. Hovudkontoradressa er i Ålesund, men hovudmarknaden og mykje av aktiviteten er i Nord-Amerika. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,84 -1,03 %
Atlantic Sapphirekr                   7,25 -0,04 %
Endúrkr                84,90 0,12 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                16,65 7,42 %
Hav Groupkr                   6,28 2,95 %
Havila Kystrutenkr                55,00 -5,17 %
Havila Shippingkr                   1,24 0,82 %
Hexagon Compositeskr                   6,61 -7,68 %
Hexagon Puruskr                   1,81 -4,53 %
Hofseth Biocarekr                   1,78 -6,32 %
Tinde Sparebankkr              118,50 -0,42 %
Salmon Evolutionkr                   5,07 -2,12 %
Sparebanken Mørekr              102,18 -0,16 %
   

Publisert: 11.11.2025 14:27

Sist oppdatert: 11.11.2025 16:58

Mer om