Torsdag 28. august kjem Havila Kystruten med halvårstala for 2025.
Ut frå kursutviklinga ser det ikkje ut til at aksjespekulantane er redd for negative nyhende frå selskapet.
I dag steig aksjekursen 0,37 prosent, til 1,35 kroner aksjen. Det er like under toppnoteringa for året (1,40 kroner aksjen) og 93,13 prosent over kursen ved inngangen til 2025.
Havila Kystruten gjekk på børs i august 2021. Då var kursen 22 kroner og så seint som i november 2022 vart aksjen handla til over 20 kroner. Då byrja effekten av forseinkinga i bygginga av dei fire skipa og behovet for refinansieringa av skipa å slå inn. Sanksjonane mot Russland etter at landet gjekk til krig mot Russland tvinga Havila Kystruten å erstatte sin russiske långivar og gjorde vondt verre for aksjekursen.
I november 2024 var kursen nede i under 50 øre aksjen før den omsider byrja å krype oppover.

| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | 4,11 | -1,20 % |
| Atlantic Sapphire | 9,874 | -3,48 % |
| Endúr | 92,40 | -1,18 % |
| Golden Energy Offshore Services | 20,50 | -1,44 % |
| Hav Group | 7,48 | 0,27 % |
| Havila Kystruten | 1,35 | 0,37 % |
| Havila Shipping | 1,42 | -2,74 % |
| Hexagon Composites | 16,64 | 0,85 % |
| Hexagon Purus | 1,81 | 1,00 % |
| Hofseth Biocare | 1,84 | -2,90 % |
| Tinde Sparebank | 125,48 | -0,18 % |
| Salmon Evolution | 5,14 | -1,34 % |
| Sparebanken Møre | 104,80 | -0,29 % |
Publisert: 26.08.2025 16:57
Sist oppdatert: 27.08.2025 16:37






