Atlantic Sapphire fisketank bluehouse foto Atlantic Sapphire 11
USA-SATSING: Atlantic Sapphire driv landbasert oppdrett av laks utenfor Miami i den amerikanske delstaten Florida. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Kortvarig opptur etter låneutviding

Atlantic Sapphire vil låne 240 millioner ekstra.

Marius Rosbach
30.09.2025

Lakseoppdrettarane i Atlantic Sapphire melde måndag kveld at styret føreslår å storleiken på eit konvertibelt lån blir auka betydeleg. 

Då handelen på Oslo børs starta tysdag klatra Atlantic Sapphire-kursen oppover kring fem prosent. 

I løpet av eit par timar var kursen falle tilbake til under 7,60 kroner som var sluttkursen måndag. Aksjen steig igjen mot slutten av dagen, før den fall tilbake til 7,60 kroner ved stengetid. 

Tidlegare i september opplyste selskapet at dei ville låne opptil 35 millionar dollar – om lag 350 millionar kroner. 

Ifølgje det nye forslaget vil dei auke det konvertible lånet til 59 millionar dollar – om lag 590 millionar kroner. 

Det inkluderer kapitalisering av eit tidlegare brulån med renter og gebyr, eit tidlegare konvertibelt lån på 20 millionar dollar og ein garantiprovisjon i samband med lånet, blir det opplyst i meldinga. 

Pengane skal nyttast til å finanansiere tiltak for å nå full kapasitet i første byggesteg selskapet sitt landbaserte oppdrettsanlegg ved Miami i Florida.

Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse i Vestnes og hadde opphavleg storaksjonærarar frå Nordvestlandet. Ei rekkje kapitalutvidingar vatna ut deira eigardelar kraftig.

Hovudindeksen på Oslo børs sank tysdag med 0,79 prosent til 1644,57 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,42 2,40 %
Atlantic Sapphirekr                   7,60 0,00 %
Endúrkr                82,90 0,12 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,50 0,26 %
Hav Groupkr                   6,78 1,19 %
Havila Kystrutenkr                   1,23 -2,78 %
Havila Shippingkr                   1,31 -2,60 %
Hexagon Compositeskr                10,88 -3,20 %
Hexagon Puruskr                   1,70 -4,17 %
Hofseth Biocarekr                   1,77 2,31 %
Tinde Sparebankkr              121,00 0,00 %
Salmon Evolutionkr                   5,06 -0,59 %
Sparebanken Mørekr              107,56 0,26 %
   

Publisert: 30.09.2025 11:13

Sist oppdatert: 30.09.2025 17:18

Mer om