Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Ei studie med 50 grøn stær-pasientar som fekk Romega-produktet til Arctic Bioscience, viser gode resultat, opplyser selskapet i ei børsmelding måndag.
Meldinga fekk aksjekursen til å skyte i veret, og i løpet av formiddagen vart Arctic Bioscience dagens børsvinnar til då. Kursen steig frå 3,29 kroner ved start av handelen, til 4,30 kroner ved 11-tida. Det svarar til ein oppgang på 30 prosent.
Ved stengetid hadde kursen falle litt tilbake - til ein sluttkurs på 4,20 kroner.
Pasientane i studien fekk middelet som er basert på silderognolje. Dei fortalde om ei klar forbetring av synsfeltmålingar. Det er ikkje rapportert om biverknader og behandlinga blei godt tolerert, heiter det i meldinga.
Hogne Hallaråker som er CSO i Arctic Bioscience, uttaler at funna tyder på at Romega trygt kan nyttast av denne pasientgruppa, og at selskapet vil undersøke videre det han omtalar som de «lovende resultatene».
Det var ingen store utslag elles for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet måndag.
Hovudindeksen enda nær flatt på 1632,69 poeng - ein oppgang på 0,09 prosent i løpet av dagen.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 4,20 | 27,66 % |
| Atlantic Sapphire | kr 9,20 | -1,08 % |
| Endúr | kr 87,80 | -1,68 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 19,45 | 0,26 % |
| Hav Group | kr 7,46 | -0,53 % |
| Havila Kystruten | kr 1,38 | 0,00 % |
| Havila Shipping | kr 1,50 | -5,06 % |
| Hexagon Composites | kr 17,12 | -0,23 % |
| Hexagon Purus | kr 1,76 | -2,22 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,74 | -0,29 % |
| Tinde Sparebank | kr 128,98 | -0,39 % |
| Salmon Evolution | kr 5,15 | -0,58 % |
| Sparebanken Møre | kr 103,28 | -0,77 % |
Publisert: 18.08.2025 11:50
Sist oppdatert: 18.08.2025 16:57






