Symbolkamp i Tussa
HÅPAR PÅ OPPTUR: Tussa ventera høgare kraftpris i andre halvår, mellom anna takka vere ny kraftkabel over Sognefjorden.
Nytt

Børsdagen: Nesten halvert Tussa-resultat

Produserte meir kraft, til lågare prise.

03.10.2025

Gjennomsnittprisen for krafta til Tussa-konsernet var 20,50 øre per kWh i første halvår i 2025, mot 47,10 øre i første halvår i fjor.

Prisfallet er hovudårsaka til at konsernet nesten halverte resultatet før skatt samanlikna med første halvår 2024 (sjå tabell). 

Med eit slikt prisfall var det berre litt trøyst å hente i at produksjonen auka 12 prosent samanlikna med første halvår 2024.

Håpar på fjordkryssing-effekt
Med kraftkabelen over Sognefjorden, som nettopp er på plass, håpar Tussa på høgare kraftprisar i andre halvår. Kabelen aukar overføringskapasiteten mellom Nordvestlandet og områda sør for Sognefjorden. Der er prisnivået høgare og no blir det lettare for blant andre Tussa å selge til betre betalande kundar lenger sør, noko som truleg gir høgare pris også på Nordvestlandet.

"Det er stigande prognosar for kraftprisen utover hausten, med ei forventning om om lag 50 øre/kWh i slutten av året.", skriv selskapet i halvårsrapporten.

Tussa as (konsern)  
1. halvår. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt467,2527,8
Driftsresultat44,9152,5
Resultat før skatt97,3182,5
SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Bioscience3,688,24 %
Atlantic Sapphire7,50-2,60 %
Endúr 84,902,29 %
Golden Energy Offshore Services19,00-2,56 %
Hav Group6,701,52 %
Havila Kystruten1,262,44 %
Havila Shipping1,30-1,89 %
Hexagon Composites10,48-5,07 %
Hexagon Purus1,710,00 %
Hofseth Biocare1,74-1,42 %
Tinde Sparebank 120,500,00 %
Salmon Evolution5,211,36 %
Sparebanken Møre 106,260,25 %
   

Publisert: 03.10.2025 17:42

Sist oppdatert: 03.10.2025 17:42