Onsdag vart det ny botnrekord for året for selskapet Hofseth Biocare.
Dagens kurs på 1,48 kroner aksjen er også ein av dei lågaste sidan selskapet vart børsnotert i desember 2011. Berre nokre periodar i 2016 og 2017 har kursen vore under 1,50 kroner.
Hofseth Biocare vidareforedlar avskjer og reststoff frå lakseslakteria til produkt som blir ingrediensar i kjæledyrfôr og helsekostprodukt. Dei jobbar óg med å utvikle produkt som kan bli godkjent som legemiddel.
I desember 2029 var kursen over 10 kroner aksjen ei kort periode etter å ha stige frå rundt 2,50 kroner aksjen i juni same år. Kursveksten skuldast tru på at ein avtale i den amerikanske helsekostmarknaden skulle gjere selskapet lønsam.
Det skjedde ikkje - og sidan har kursen stort sett vore fallande.
Tysdag melde Hofseth Biocare at finansdirektør Christel Elise Kanli går av.
Les børsmelding her (ekstern lenke)
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Arctic Bioscience | 1,91 | 6,70 % |
Havila Kystruten | 0,73 | 3,24 % |
Endúr | 58,90 | 2,79 % |
Hexagon Purus | 7,70 | 2,53 % |
Atlantic Sapphire | 0,09 | 1,40 % |
Hav Group | 8,74 | 0,23 % |
Romsdal Sparebank | 119,98 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 88,00 | 0,00 % |
Salmon Evolution | 6,67 | -0,15 % |
Norva 24 Group* | 30,20 | -0,98 % |
Hexagon Composites | 38,40 | -2,04 % |
Golden Energy Offshore Services | 27,00 | -3,57 % |
Havila Shipping | 3,06 | -4,38 % |
Hofseth Biocare | 1,48 | -7,50 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 23.10.2024 16:48
Sist oppdatert: 23.10.2024 17:16