Sjå sluttkursar for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet under
I fjor auka Hofseth Biocare inntektene med 22 prosent samanlikna med året før, med god hjelp av 45 prosent vekst i fjerde kvartal 2024 samanlikna med fjerde kvartal 2023.
Inntektsveksten i første kvartal i år var 16 prosent, samanlikna med første kvartal i fjor. Underskotet i høve til inntektene krympar litt (sjå tabell), men utgjer over femti øre i minus for kvar kroner selskapet fekk i inntekt (sjå tabell).
Då børsen opna fredag fall aksjekursen i selskapet over 10,26 prosent, til 2,10 kroner aksjen. Det er likevel 23,5 prosent høgare enn ved starten av 2025.
På slutten av dagen henta den seg inn og enda på 2,40 kroner - 2,56 prosent i pluss.
Hofseth Biocare lagar helsekost- og kjæledyrfôrprodukt basert på avskjer og restråstoff frå oppdrettsnæringa. I tillegg arbeider selskaper med å utvikle produkt som kan få godkjenning som legemiddel.
Hovudkontoret ligg i Ålesund medan produksjonen skjer i Midsund og på Berkåk.
Selskapa Hofseth International og RH Industri eig til saman 35,3 prosent av Hofseth Biocare. Roger Hofseth er medeigar og styreleiar i det første selskapet og eineeigar i det andre.
| Hofseth Biocare as | ||
| 1. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 60,9 | 52,4 |
| Driftsresultat | -29,5 | -26,2 |
| Resultat før skatt | -33,1 | -29,0 |
Les også
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,85 | 4,05 % |
| Atlantic Sapphire | kr 7,05 | 0,77 % |
| Endúr | kr 84,80 | -0,35 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 18,00 | 4,35 % |
| Hav Group | kr 7,36 | 2,79 % |
| Havila Kystruten | kr 1,09 | 0,46 % |
| Havila Shipping | kr 1,48 | -7,21 % |
| Hexagon Composites | kr 17,14 | -4,78 % |
| Hexagon Purus | kr 1,44 | -0,28 % |
| Hofseth Biocare | kr 2,40 | 2,56 % |
| Norva 24 Group* | 36,50 kr | 0,00 % |
| Romsdal Sparebank | kr 127,00 | 0,00 % |
| Salmon Evolution | kr 6,20 | 0,00 % |
| Sparebanken Møre | kr 102,50 | -0,77 % |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 16.05.2025 09:06
Sist oppdatert: 17.05.2025 00:32





