Kapitalutvidinga i Hexagon Composites tysdag kveld denne veka henta inn 590 millionar kroner i ny eigenkapital til selskapet.
Kapitalutvidinga vart gjort i ei såkalla book-building prosess, der kursen i emisjonen vert sett ut frå interessa for å vere med. Dess mindre interesse, dess lågare kurs.
Emisjonskursen enda på 14 kroner aksjen, over to kroner under kursen då børsen stengte tysdag 16. september (16,20 kroner aksjen.
Onsdag 17. september fall kursen til 12,92 kroner aksjen, og like før børsen stenger i dag er kursen nede i 12,20 kroner aksjen. Sist kursen var nede på dette nivået var i 2015. Samanlikna med emisjonskursen er det eit verdifall på 12 prosent.
Poenget med emisjonen var å styrke selskapet i tøffe tider. Det i seg sjølv er ei melding som lett får investorar til å tvile, og det vart neppe betra av at korkje storaksjonærane Flakk-familien og japanske Mitsui ikkje opprettheldt sin eigarandel ved å gå inn med nye pengar i kapitalutvidinga.
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, mellom anna for lastebilar og industri og anlegg.
Hovudindeksen på Oslo børs låg flatt i løpet av dagen og enda på 1651,25 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,61 | -8,61 % |
| Atlantic Sapphire | kr 7,61 | -2,54 % |
| Endúr | kr 86,30 | -1,03 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 19,95 | 0,00 % |
| Hav Group | kr 6,82 | -0,58 % |
| Havila Kystruten | kr 1,27 | 0,40 % |
| Havila Shipping | kr 1,41 | 0,00 % |
| Hexagon Composites | kr 12,18 | -5,73 % |
| Hexagon Purus | kr 1,52 | -2,56 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,82 | 1,11 % |
| Tinde Sparebank | kr 123,50 | 1,63 % |
| Salmon Evolution | kr 5,26 | 1,54 % |
| Sparebanken Møre | kr 106,88 | -1,00 % |
Publisert: 18.09.2025 16:35
Sist oppdatert: 18.09.2025 17:05






