Under sin tale sin årsmøte i Fiskebåt Vest i Ålesund fredag, tok styreleiar Janne Grethe Strand Aasnæs opp EU-spørsmålet.
– Eg har ikkje teke stilling, men meiner det er viktig at vi er budd på at den debatten kjem opp igjen, og vi tenker gjennom korleis vi tenker kring det, seier ho til Nett No.
Frå fleire hald har det vore teke til ordet for ein ny EU-debatt. Samtidig er det ikkje ønskeleg for fleire parti, og mellom anna Senterpartiet og Frp har avvist ein slik diskusjon no.
Ikkje like sjølvsagt med nei-standpunkt
Sjølv vil ikkje Aasnæs ta initiativ til å løfte debatten, men ho trur at diskusjonen kan bli aktuell raskare enn mange ventar.
– Er det like sjølvsagt at fiskerinæringa vil vere mot eit medlemskap denne gongen?
– Det trur eg ikkje. Tilgangen til marknaden er ein ting, også må vi i fiskeria sjå litt større på kva det kan innebere, seier ho.
Ho påpeika i talen at det truleg ikkje er nokon som hadde sett føre seg den økonomiske utviklinga Norge har hatt sidan førre folkerøysting over EU-spørsmålet i 1994.
Oppdrett er blitt langt større
Aasnæs understreka at sjølvråderetten til ressursane var eit hovudspørsmål den gong, og ein avgjerande årsak til at nei-sida vann.
Samtidig har sjømatnæringa endra seg betydeleg dei siste tiåra, og fiskeflåten spelar ei mindre rolle enn tidlegare.
I dag utgjer til eksempel eksporten av laks meir enn 70 prosent av sjømateksporten.
– Eg trur det er lurt at fiskeriorganisasjonane førebur seg på denne problemstillinga, sa styreleiaren i sin tale.
Publisert: 06.12.2024 13:37
Sist oppdatert: 06.12.2024 13:37