Stig brautaset foto ogne
NYTT SELSKAP: Stig Brautaset har starta bedriftsrådgivingsselskapet Brautaset Consulting. Her i rolla som banksjef for Sparebank1 Søre Sunnmøre. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tidlegare banksjef startar som bedriftsrådgivar

Stig Brautaset etablerer seg på Hareid.

Marius Rosbach
16.10.2025

Stig Brautaset, tidlegare banksjef i i SpareBank 1 Søre Sunnmøre og konserndirektør i SpareBank 1 SMN, startar bedriftsrådgivingsselskapet Brautaset Consulting. 

Han opplyser at selskapet skal tilby «rådgjeving både til verksemder i krevjande situasjonar og til suksessrike bedrifter som ønskjer støtte i vidare vekst og utvikling».

– Gjennom min karriere har eg sett altfor mange verksemder gå over ende, ikkje nødvendigvis fordi forretningsidéen var dårleg eller at potensialet ikkje var der, men fordi dei ikkje klarte å presentere den økonomiske stoda og planane på ein måte som skapar tillit, uttaler Brautaset. 

Flyttar inn i Millennium-bygget
Brautaset vil etablere seg ved Millennium Cowork på Hareid, der han vil samarbeide med Hadar Corporate Finance. 

Han vil óg samarbeide med advokatkontor som har juridisk spisskompetanse innan selskapsrett og restrukturering.

Millennium-bygget på Hareid opna i fjor og huser fleire bedrifter i tillegg til arbeidsfellesskap og møtelokaler.

Leia lokalbank til fusjon
Stig Brautaset gjekk av som konserndirektør for divisjon Sunnmøre og Fjordane i SpareBank 1 SMN ved årsskiftet. Då gjekk han over i ei rolle som rådgivar for konsernleiinga.

Da hadde han mellom anna leia Sparebank1 Søre Sunnmøre i deira fusjon med Sparebank1 SMN. 

Tidlegare har Brautaset hatt leiarstillingar i Danske Bank og Sparebanken Møre. 

Publisert: 16.10.2025 20:21

Sist oppdatert: 16.10.2025 20:45

Mer om