Stranda Fjellgrend melde oppbod i september 2024.
Det var alt for seint, ifølgje sluttinnberetninga.
«Bostyrer og borevisor har drøfte dette i flere runder, og det er enighet om at selskapet var insolvent senest ved årsskiftet 2022/2023», skriv bustyrar Cathrin Myre Skram i sluttinnberetninga.
Insolvens betyr at eit selskap både har negativ eigenkapital, og manglar midlar til å gjere opp for seg.
No er det sett punkt for bubehandlinga, ifølgje ein kjennelse frå Sunnmøre tingrett.
Ikkje samd med bustyrar
Jan Arvid Berge, dagleg leiar og ein av eigarane i Stranda Fjellgrend, seier dei er usamde med fleire punkt i sluttinnberetninga.
Det gjeld mellom anna vurderinga av verdien på tomta, som var sett til langt under marknadsverdi.
Han viser óg til at vurderinga av om selskapet dreiv momspliktig, vart gjort i samråd med rekneskapsbyrået og skattestyresmaktene.
Han seier at selskapet også kom i ein uoversiktleg situasjon på grunn av ein konkurs i rekneskapsbyrået dei brukte. At han sommaren 2024 var innlagt på Rikshospitalet for behandling av ein alvorleg kreftdiagnose medverka ytterlegare til at situasjonen var uoversiktleg.
Den direkte utløysande årsaka til konkursen er etter Berge si vurdering ringverknadane av at betongarbeida vart eit halvt år forseinka, og at ein dermed vart forseinka med å kome i gang med sal av leilegheiter.
Meldt til politiet
I og med at sluttinnberetninga konkluderer med at selskapet burde meldt oppbod før, og dermed dreiv for kreditorane si rekning, har bustyrar meldt selskapet til politiet.
Bakgrunnen er lovkravet om å begjære gjeldsforhandling eller oppbod ved insolvens.
Under tvil konkluderer bustyraren med at det ikkje er grunnlag for å kreve konkurskarantene i saka.
Skulle ikkje hatt momsrefusjon
Ifølgje sluttinnberetninga var verksemda til Stranda Fjellgrend ikke momspliktig, og selskapet skulle dermed heller ikkje fått frådrag frå inngåande meirverdiavgift.
Men selskapet dreiv som om det var avgiftspliktig og fekk dermed ein betre likviditet i byggeprosessen enn det skulle hatt, ifølgje burevisoren sin rapport - som er vist til i sluttinnberetninga.
Etterkvart som leilegheitene vart seld ville den feilaktige monspraksisen slått motsett ut, og svekka lønsemda i prosjektet.
Borrevisor er også undrande til banken som gav byggelånet:
«At finansinstitusjonen som yter et byggelån på MNOK 41,8 heller ikke formaliserer krav til egenkapital i selskapet og følger opp dette medvirker til at byggeprosjektet ikke blir stoppet på et tidlig tidspunkt», siterer sluttinnberetninga burevisorrapporten.
Stor utbyggar på Stranda
Stranda Fjellgrend har vore mellom dei største utbyggjarane av hytter på Strandafjellet og vart etablert i 2012 og hadde bygd infrastrutur og bygg for over 500 millionar kroner på Strandafjellet fram til selskapet melde oppbod.
I dag driv morselskapet til Stranda Fjellgrend, Strandafjellet Eiendom, bygging av fritidsbustadar på eigne tomter på Strandafjellet.
Les også
Ingenting til dei uprioriterte kreditorane etter Stranda Fjellgrend-konkursen.
Skal finne løysing for seks uferdige fritidsbustadar på Strandafjellet.
Den største utbyggjaren på Strandafjellet har innstilt verksemda.
Publisert: 09.10.2025 14:29
Sist oppdatert: 09.10.2025 14:29






