PERLAND 2
OSLO: Kistefoss sin advokat Olav Perland (med paraply) skal bruke ni dagar på sitt innleiingsforedrag. Foto: Grunde Grimstad
Nytt

Finanskjendisar på rekke og rad i vitneboksa

Dei første vitna i Solstad-saka kjem først til rettsalen i november.

Grunde Grimstad
08.10.2025

På framdriftsplanen til rettssaka er det mest påfallande at mannen bak søksmålet, Christen Sveaas, kanskje ikkje blir å finne i rettssalen i det heile. Han overlet til konsernsjef Bengt Rem å legge fram Kistefos si partsforklaring 11. november.

Kistefos meiner Aker-selskapet Aker Capital blei favorisert då offhorereiarlaget Solstad Offshore vart refinansiert i 2023, og krev erstatning. 

Etter Kistefos-sjef Bengt Rem, kjem investor og styreleiar i Solstad Offshore, Harald Espedal, for å gi si partsforklaring 11. og 12. november. Solstad Offshore-sjef Lars Peder Solstad skal halde si forklaring 12. og 13. november. 

Styreleiar Frank O. Reite i Solstad Maritime skal avlegge partsforklaring 17. og 18. november.

Aker-sjef Øyvind Eriksen skal også i elden 17. november.

Røkke vitnar i desember
Det største presseoppbodet kan vi truleg vente 4. desember, då Kjell Inge Røkke skal inn og vitne i Oslo Tingrett. Han er kalla inn av både Kistefos og saksøkte Aker Capital. 

Totalt er det kalla inn totalt 31 personar for å vitne i saka. Retten har sett av mest tid til å høyre vitneforklaringa frå Røkke og Tone Lunde Bakker, sjef for Eksportfinansiering Norge (Eksfin), som skal vitne 19. desember.

Same dag finn vi Eigil Spetalen i vitneboksa, samt investor og sunnmørsreiar Stig Remøy, som har kjøpt seg opp i Solstad-aksjer etter restruktureringa, og ellers er kjend for å vore i fleire rettslege feider med Røkke om krillsatsing i Antarktis.

I desember er det kalla inn sakkyndige frå Nordea, Fearnley Securities og Arctic Securities.

Sluttprosedyrene vil starte i januar, der partane får lagt fram kva dei meiner rettssaka har bevist og legg ned påstand.

Samtlege vitne møter frivilleg, med unntak av Stig Remøy som vil bli innkalla etter tvistelova § 13-3, ifølge sakspapira.

Frank Reite foto Grunde Grimstad
Sunnmøring, Aker-mann og styreleiar i Solstad Maritime, Frank O. Reite, er lettare oppgitt over å bli trekt for retten. Han melde seg inhabil i 2023, og tok ikkje del i restruktureringsprosessen i Solstad.

Innleiingforedrag i hele oktober
Dag to av rettsoppgjeret mellom Kistefos og Solstad/Aker gjekk i stor grad med til innleiingsforedraget til Kistefos-advokat Perland.

Kistefos la fram analyser og rapportar frå fleire meklarhus, analytikarar og andre aktørar som underbygger at offshoremarknaden var på full fart ut av krisa. Det var underskot på ankerhandteringsskip (AHTS) og nye marknadar som havvind, skapte større etterspurnad.  

Solstad kunne dermed vente seg ein stadig sterkare etterspurnad frå starten av 2023. Selskapet hadde også sin sterkaste ordreinngang i 4. kvartal 2022, då det sikra seg arbeid for 3,3 milliardar kroner.

Deretter vart fekk retten presentert ei rekke dokument, avskrifter og lydopptak som viste at det gjekk føre seg fleire reelle prosessar for å refinansiere Solstad-gjelda, samt fleire andre aktørar si verdsetting av Solstad-flåten.

Lange forklaringar
Saka er såpass stor og innfløkt at partane må bruke lang tid på å legge fram sakene sine. Fyrste dag fekk partane berre halde kortare innlegg for å presentere hovudtrekka i sine argument. 

Fyrst på dag to starta Kistefos-advokat Perland på sitt fulle innleiingsforedrag. Det skal vare i heile ni dagar fram, og inkluderar tre fulle dagar med avspeling av opptak av styremøte i Solstad. 

Kistefos skal halde på til 22. oktober, då Solstad-styret sine advokatar tek over med sitt innleiingsforedrag som skal vare fram til 29. oktober. 

Etterpå har Pareto har fått fire og ein halv dag til sitt innleiingsforedrag fram til 6. november. For Aker er det sett av to og ein halv dag, og til slutt har Frank Reite fått ein halv dag til sitt innlegg.

Publisert: 08.10.2025 16:27

Sist oppdatert: 09.10.2025 00:27

Mer om