Ny
NAV: Framleis få arbeidsledige i Møre og Romsdal. Skisse: NAV
Nytt

Framleis stor etterspørsel etter arbeidskraft

Forventar litt fleire arbeidsledige i nordvest framover, men framleis lave tal.

02.12.2022

NAV-direktørane i Vestland og Møre og Romsdal ventar at arbeidsløysa vil stige noko framover, men ikkje dramatisk. Samstundes er det framleis stor mangel på arbeidskraft i enkelte yrke. I Vestland er det no over 5.000 ledige stillingar.

I Møre og Romsdal var det i november 26 fleire arbeidsledige enn månaden før.

Totalt er det no 2.030 arbeidssøkarar som er heilt ledige, noko som utgjer 1,5 prosent av arbeidsstyrken.

Flest i Sande - færrast i Stranda
1.021 er delvis ledige, som utgjer 0,7 prosent av arbeidsstyrken. I tillegg er 436 er på tiltak, tilsvarande 0,3 prosent av arbeidsstyrken.

Flest ledige er det i Sande og Hareid, med 2,6 og 2,5 prosent, medan Stranda har 0,9 prosent ledige.

Ålesund er på landsgjennomsnittet med 1,6 prosent, medan Molde har 1,3 prosent.

Prognose slo feil
NAV-direktør Stein Veland viser i sin månadsrapport til at NAV si prognose for landet frå i sommar var auka arbeidsløyse gjennom hausten 2022 og gjennom 2023 opp mot nivået frå før pandemien. Fasiten no er at ledigheita har halde seg lav og synkande gjennom hausten, og først no ser ein ei lita auke.

- Sjølv om vi framleis opplever stor etterspørsel etter arbeidskraft, ventar vi noko auke i arbeidsløysa dei komande månadene, seier Veland.

Fleire permitteringsvarsel
I Vestland er det no 5.067 heilt arbeidsledige, noko som utgjer 1,5 prosent. Dette er på same nivå som i oktober.

NAV Vestland har merka ein liten auke i permitteringsvarsel.

– Vi har følgt nøye med på permitteringsvarsel dei siste vekene, men ser ingen stor auke så langt. For nokre bransjar er det typisk for årstida at det blir varsla ein del permitteringar, men som regel blir ikkje alle sette ut i livet, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.

Mange ledige stillingar
Mange av varsla kjem frå næringsmiddelindustrien og gjeld frå januar.

– Talet på permitteringar ligg på 2019-nivå, medan talet på ledige er lågare enn før pandemien. Mange arbeidsgivarar manglar folk, og her er det gode moglegheiter til å rekruttere kandidatar som står utanfor arbeidslivet. Vi i NAV ønsker å samarbeide med fleire arbeidsgivarar om å finne flinke folk frå denne gruppa, seier Bogsnes.

Talet på utlyste stillingar har auka den siste månaden, og helsevesenet peikar seg ut med mangel på folk både i byane og i distrikta. I november var det lyst ut 1 241 stillingar i helsesektoren, 662 stillingar i bygg og anlegg og 503 stillingar i ingeniør- og IKT-fag i Vestland fylke.

Publisert: 02.12.2022 10:28

Sist oppdatert: 02.12.2022 10:58

Mer om