God start, uvisse i andre halvår
Drivstoff-kostnadane gjer at Tore Roaldsnes kan kome til å revurdere kor mykje selskapet skal fiske etter reke.
Ei fantastisk prisutvikling og eit godt fiske seier Tore Roaldsnes om utviklinga hittil i år.
Han er eigar av Bluewild-konsernet i Ålesund, som omfattar dei to fiskebåtreiarlaga Bluewild Ocean I og II og managementselskapet Bluewild.
Bluewild-konsernet vart etablert etter at Tore Roaldsnes og dei to andre eigarane av Nordic Wildfish splitta selskapet i tre i 2019.
Minus i 2021
2021-reknskapa er prega av at 2021 var eit startår, med nye fartøy og utrustning (sjå tabell).
I år blir det eit mykje betre resultat, ifølgje Roaldsnes.
Dyr bunkers
Uvissa for resten av året er mellom anna knytt til drivstoffkostnadane, i kombinasjon at det står att meir fiske der lønsemda ikkje er like god som i fisket hittil i år.
Det gjeld spesielt rekefisket, der selskapet kan kome til å vurdere redusert fiske og redusert sesong, ifølgje Roaldsnes.
Bluewild-konsernet eig og driv frysetrålarane Ishavet (tidlegare Volstad) og Langenes.
Eit nytt fartøy er under bygging. Skroget skal byggast i Tyrkia og skipet utrustast hos Westcon.
Bluewild as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 24,9 | 36,2 |
Driftsresultat | 3,0 | 15,5 |
Resultat før skatt | 3,0 | 12,1 |
Bluewild Ocean I as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 133,5 | 139,0 |
Driftsresultat | 13,6 | 79,9 |
Resultat før skatt | -10,5 | 67,7 |
Bluewild Ocean II as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 99,3 | 22,9 |
Driftsresultat | 3,5 | 3,8 |
Resultat før skatt | -7,4 | 3,3 |
Publisert: 23.05.2022 13:44
Sist oppdatert: 23.05.2022 13:44