Tore Roaldsnes foto Ogne
NYTT SELSKAP: Etter oppsplittinga av Nordic Wildfish etablerte Tore Roaldsnes Bluewild-konsernet, med base i Ålesund. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

God start, uvisse i andre halvår

Drivstoff-kostnadane gjer at Tore Roaldsnes kan kome til å revurdere kor mykje selskapet skal fiske etter reke.

23.05.2022

Ei fantastisk prisutvikling og eit godt fiske seier Tore Roaldsnes om utviklinga hittil i år.

Han er eigar av Bluewild-konsernet i Ålesund, som omfattar dei to fiskebåtreiarlaga Bluewild Ocean I og II og managementselskapet Bluewild.

Bluewild-konsernet vart etablert etter at Tore Roaldsnes og dei to andre eigarane av Nordic Wildfish splitta selskapet i tre i 2019.

Minus i 2021
2021-reknskapa er prega av at 2021 var eit startår, med nye fartøy og utrustning (sjå tabell).

I år blir det eit mykje betre resultat, ifølgje Roaldsnes.

Dyr bunkers
Uvissa for resten av året er mellom anna knytt til drivstoffkostnadane, i kombinasjon at det står att meir fiske der lønsemda ikkje er like god som i fisket hittil i år.

Det gjeld spesielt rekefisket, der selskapet kan kome til å vurdere redusert fiske og redusert sesong, ifølgje Roaldsnes.

Bluewild-konsernet eig og driv frysetrålarane Ishavet (tidlegare Volstad) og Langenes.

Eit nytt fartøy er under bygging. Skroget skal byggast i Tyrkia og skipet utrustast hos Westcon.

Bluewild as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt24,936,2
Driftsresultat3,015,5
Resultat før skatt3,012,1
Bluewild Ocean I as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt133,5139,0
Driftsresultat13,679,9
Resultat før skatt-10,567,7
Bluewild Ocean II as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt99,322,9
Driftsresultat3,5

3,8

Resultat før skatt-7,43,3

Publisert: 23.05.2022 13:44

Sist oppdatert: 23.05.2022 13:44