Har faatt oppdrag i Midt austen
BØRS: Her frå børsintroduksjonen av Axxis Geo Solutions 3. juli. Då var aksjekursen 20 kroner. No er kursen fem kroner.
Nytt

Har fått oppdrag i Midt-austen

Seismikkselskapet Axxis Geo Solutions hadde lave inntekter i tredje kvartal, men forventar stabil inntening frå eit nytt oppdrag i Midt-austen.

13.11.2019
Axxis forventar at oppdraget i Midt-austen vil utgjere minimum 28 fartøymånader, i tillegg til at ein ser på fleire andre prosjekt.
Det sunnmørs-dominerte seismikkselskapet på berre 8,8 millionar kroner i tredje kvartal. Inntektene stammar frå arbeid i India og Brasil.
Men selskapet skriv i kvartalsrapporten at inntektene frå det omfattande multiklientoppdraget på Utsirafeltet ikkje er med i kvartalet.

India-oppdrag

Hittil i år har selskapet derimot bokført inntekter på 576,3 millionar kroner, og eit driftsresultat på 107,4 millionar.
555 millionar kroner av desse inntektene stammar frå avslutta arbeid i India.
Axxis Geo Solutions satsar stort på nodeseismikk, og har hatt seks seismikkskip i sving, i tillegg til innleigde støtteskip.
Selskapet har også fått ein kontrakt over 90 døgn i Brasil, der selskapet sitt eige skip Neptune Naiad vil bli brukt. Dette arbeidet vil pågå i fjerde kvartal i år.

Børstapar

Axxis Geo Solutions har nyleg også avslutta ei kapitalinnhenting på 225 millionar kroner, som delvis skal brukast til å få på plass endå eit seismikkmannskap.
Selskapet har vore av dei store taparane på børsen i år. Onsdag var aksjen vidare ned til 4,91 kroner, men stabilserte seg etter kvart på 5,00 kroner. Dette prisar heile selskapet til 293 millionar kroner.

Publisert: 13.11.2019 15:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44