NPK: I fem veker har fartøyet MS «Vikingbank» på oppdrag frå Fiskeridirektoratet henta opp gamle fiskerireiskap frå sjøen. Resultatet vart 46 kilometer med gamle garn.
Heile 1687 garn vart henta opp frå sjøen under oppryddingstoktet i år. Fiskeridirektoratet har aldri tidlegare henta opp så store mengder tapte fiskerireiskap frå havet.
– Det uroar meg at det ikkje blir mindre. Det viser at vi ikkje har kome lenger i å bli betre på å redusere tapa, seier toktleiar Gjermund Langedal til NRK Møre og Romsdal.
Rekord for tredje år på rad
Dette er tredje året på rad med rekord i kor mykje dei har henta opp frå sjøen under oppreinskingsarbeidet.
Ser ein nærmare på kva dei har henta opp i denne aksjonen, finn vi 1687 garn av ulike sortar, 34.000 meter line, 18.500 meter diverse tau, 101 teiner, 5200 meter snurrevadtau, 3000 meter kabel, ein trål og ein snurrevad.
I tillegg følgde det med betydelege mengder fisk og ulike skaldyr. Blant desse var seks daude niser, seks daude selar, ein daud kval og ein daud håbrann.
Leita frå Ålesund til Nordkinnhalvøya
Under aksjonen har dei dekt kysten frå Ålesund til Nordkinnhalvøya og søkt etter reiskap heilt nede på 1300 meters djupn.
Toktleiar Gjermund Langedal seier dei prioriterer reiskapen som kan gjere mest skade, og då er det garn og teiner som utmerkjer seg. Garn og teiner held fram med å fiske, sjølv om dei har gått tapt. Det blir kalla spøkelsesfiske.
Publisert: 19.09.2025 11:05
Sist oppdatert: 19.09.2025 11:05






