Hexagon tankar inn i privatbil
NY MARKNAD: Gassdriven privatbil for den europeiske marknaden får drivstofftankar frå Hexagon Composites. Her er konsernsjef Jon Erik Engeset.
Nytt

Hexagon-tankar inn i privatbil

Hexagon Composites sine drivstofftankar blir lansert i gassdriven privatbilmodell neste år.

04.12.2015
Bilen skal lanserast i den europeiske marknaden i andre halvår 2016, i følgje kommunikasjonssjef Solveig Sæther i Hexagon Composites.
Ho vil ikkje opplyse kva for bilprodusent som skal lage bilen, men seier det er snakk om ein modell.
Bilen skal drivast på komprimerte naturgass (CNG), , og drivstofftanken er det Hexagon Composites sitt dotterselskap Hexagon Raufoss som skal levere.

150 millionar kroner

Drivstoffet i den nye bilmodellen er den same som Hexagon Composites produserer drivstofftankar til i den amerikanske lastebilmarknaden.
Selskapet er nominerte av "ein ledande internasjonal bilprodusent" til å bli den føretrekte leverandøren av drivstofftankar til den nye modellen, i følgje pressemeldinga. Det betyr at det ikkje er fastsett kor stor leveransen blir. Hexagon Composites sitt anslag er at det blir leveransar for 150 millionar kroner over det sjuårige kontraktsperioden.

Satsar på hydrogen

Prisfallet på olje har fårt til at også dieselprisane har falle. Det redusert fordelen ved å gå over frå diesel til gass, og bremsa salet i USA.

Selskapet satsar mellom anna også på at å levere drivstofftankar til bilar som skal gå på hydrogen. Slike bilar er i handelen, og det er venta vekst i marknaden.


Publisert: 04.12.2015 12:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50