Marine Ingredients hadde i fjor driftsinntekter på 130 millionar kroner og eit underskot før skatt på 1,4 millionar. Dette er eit betring i forhold til året før, då underskotet før skatt var på 7,3 millionar kroner (sjå tabell).
Selskapet driv produksjon og sal av fiskeolje og tilhøyrande produkt. 90 prosent blei seld på eksportmarknaden i fjor.
Styret skriv i årsmeldinga for 2016 at det nye styret jobbar saman med leiinga for å forbetre resultatet, og at regnskapet viser overskot dei første månadane i inneverande år.
- Bedrifta ser ein auke i aktiviteten som gir vesentleg betre utnytting av kapasiteten. Det er venta at auken vil vedvare og gi betre utsikter for 2017, skriv styret.
KD Pharma er eit privateigd tysk selskap grunnlagt i 1988 og har vore i omega 3-bransjen sidan 1990. Marine Ingredients har spesialisert seg på omega 3-produkt, mellom anna i kapslar, til amerikanske forbrukarar. Hovudkontoret er i Mount Bethel
Les også:
Det var det andre eigarskiftet på kort tid, fordi Marine Ingredients tok over over fiskolje-fabrikken i Brattvåg i 2015 etter det internasjonale BASF-konsernet.
KD Pharma lagar mellom anna medisinske produkt der omega 3 er ein del av innhaldet, men har og satsa på kosttilskotsmarknaden, der Marine Ingredients allereie er ein stor aktør.
KD Pharma er allereie kjøpar fiskolje frå Brattvåg, og samanslåinga ville gjere at leveransane for Brattvåg vil auke, håpte Hellem.
Fabrikken i Brattvåg har 46 tilsette og foredlar fiskolje for direktesal til forbrukarar eller til vidaresal for andre, som foredlar oljen enda eit hakk, slik KD Pharma gjer.
Les også:
Selskapet driv produksjon og sal av fiskeolje og tilhøyrande produkt. 90 prosent blei seld på eksportmarknaden i fjor.
Styret skriv i årsmeldinga for 2016 at det nye styret jobbar saman med leiinga for å forbetre resultatet, og at regnskapet viser overskot dei første månadane i inneverande år.
- Bedrifta ser ein auke i aktiviteten som gir vesentleg betre utnytting av kapasiteten. Det er venta at auken vil vedvare og gi betre utsikter for 2017, skriv styret.
Ny eigar gjennom fusjon i fjor
I fjor haust blei det kjent at amerikanske Marine Ingredients slo seg saman med tyske KD Pharma. Det fusjonerte selskapet vart då den nye eigaren av dotterselskapet og anlegget i Brattvåg. Selskapet er eitt av dei største i verda i omega 3-marknaden.KD Pharma er eit privateigd tysk selskap grunnlagt i 1988 og har vore i omega 3-bransjen sidan 1990. Marine Ingredients har spesialisert seg på omega 3-produkt, mellom anna i kapslar, til amerikanske forbrukarar. Hovudkontoret er i Mount Bethel
,
vest for New York, og selskapet har vore i omega 3-bransjen sidan 1984.Les også:
Det var det andre eigarskiftet på kort tid, fordi Marine Ingredients tok over over fiskolje-fabrikken i Brattvåg i 2015 etter det internasjonale BASF-konsernet.
Vonar på vekst med fusjonen
Dagleg leiar Sveinung Hellem i Marine Ingredients as sa til NETT NO i fjor haust at han vona fusjonen skulle gi meir å gjere i Brattvåg - så mykje at kapasiteten blei sprengt og at selskapet måtte investere i auka kapasitet.KD Pharma lagar mellom anna medisinske produkt der omega 3 er ein del av innhaldet, men har og satsa på kosttilskotsmarknaden, der Marine Ingredients allereie er ein stor aktør.
KD Pharma er allereie kjøpar fiskolje frå Brattvåg, og samanslåinga ville gjere at leveransane for Brattvåg vil auke, håpte Hellem.
Fabrikken i Brattvåg har 46 tilsette og foredlar fiskolje for direktesal til forbrukarar eller til vidaresal for andre, som foredlar oljen enda eit hakk, slik KD Pharma gjer.
Les også:
Publisert: 22.08.2017 14:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13