Alexander Bjørnøy Jugendfest20120816 jugendfest day1 8952 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
FLEIRE KAN SAMLAST: 1500 inn og 3000 ute. Det er dei nye grensene regjeringa vil ha på konsertar og andre offentlege arrangement. Biletet er frå eit Jugendfest-arrangement i Ålesund. Arkivfoto: Alexander Bjørnøy
Nytt

Kan samle 1500 på kulturarrangement

Regjeringa lettar på restriksjonane for offentlege arrangement, men får inga heilhjarta omfamning av kulturlivet. Virke meiner tiltaka framleis er for strenge.

21.01.2022

NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal: – Eit stort steg i rett retning, skreiv kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) då ho torsdag kveld kunngjorde at det blir letta på maksimaltala.

Grensa har den siste veka vore på 200 innandørs og 600 utandørs. Dette blir no heva til 1.500 innandørs og 3.000 utandørs, så lenge det er tilviste plassar.

Dei nye reglane trer i kraft frå fredag klokka 12 og gjeld inntil vidare. I byrjinga av februar kjem regjeringa med ei ny vurdering av smitteverntiltaka.

– Då håpar eg at vi kan opne meir, både for arrangement med og utan faste tilviste plassar, skreiv Trettebergstuen.

Følgjer fagleg råd
Regjeringa følgjer det faglege rådet frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, som vart kunngjort kort tid i forkant av avgjerda. Smitterisikoen vil auke noko, men det vil vere forsvarleg og forholdsmessig med desse lettane, meiner FHI.

Innandørs vil det vere tillate med inntil 1.500 personar dersom det er faste tilviste plassar. Det blir sett ei grense på maksimalt 50 prosent kapasitet, fordelt på kohortar på inntil 200 personar – og det må vere minst to meters avstand mellom kohortane. Tilsvarande reglar gjeld for utandørs arrangement. Her kan det vere inntil 3.000 personar, og kohortane kan vere på 500.

Storm av kritikk
Maksimaltalet har vore gjenstand for svært skarp kritikk frå kulturlivet den siste veka, etter at regjeringa førre fredag nøgde seg med å heve makstalet frå 50 til 200 på innandørsarrangement. Ei rekkje kulturaktørar har fleire gonger sett spørsmålsteikn ved om det er forholdsmessig med så få på store konsertarenaer og liknande.

Sjølv om talet no blir heva, gir fleire uttrykk for at det framleis er for strengt.

– Skuffande at ein ikkje kan gå lenger, seier Olav Munch, administrerande direktør i Grieghallen til Bergensavisen.

Han meiner reglane inneber at det i realiteten ikkje blir mogleg å ha 1.500 publikummarar hos dei.

– Dersom alle gjestane skal halde ein meter avstand, kan vi i teorien ha 820 publikummarar. Men sidan det no òg er snakk om kohortar, og avstand mellom kvar kohort, vil talet på publikummarar bli lågare, seier Munch og held fram:

– I praksis vil dette bety at vi har plass til rundt 600 publikummarar. Det er klart at vi hadde håpar på meir.

Skuffa og sint
Ei rekkje aktørar har bede om at arrangørar sjølv skal få vurdere forsvarleg makstal, slik det er for butikkar, treningssenter og fleire andre. Då vil makstalet variere med storleiken på lokalet. Regjeringa innfridde ikkje ønsket, og sette i staden ei ny, øvre grense.

– Vi er altså så skuffa og sinte. Så inderleg lei oss. Det er så urettferdig at eg har mest lyst til å bryte ut i krampegråt, seier Atle Halstensen i Scenekvelder til Aftenposten.

Musikalprodusenten arrangerte onsdag demonstrasjon framfor Stortinget kor fleire hundre personar frå kulturlivet protesterte mot linja til regjeringa.

Virke: Må få same reglar som andre
Lettane blir tekne godt imot av Virke, som gir kulturministeren ros for å følgje opp løftet om å opne kulturlivet meir. Endringa vil gi mange kulturarbeidarar høve til å gå tilbake på jobb og planleggje framsyningar og turnear, meiner Rhiannon Hovden Edwards, leiar for Virke kultur og opplevingar.

Men også Virke meiner det framleis står att ein god del, og ventar ytterlegare lettar når regjeringa kjem med ny vurdering i februar.

– Vi er enno ikkje der vi burde vere, der kulturlivet får same reglar som butikkar, bowling og bingo, seier Edwards.

– Det er tåpeleg at regjeringa krev at ein må sitje med munnbind på annakvart sete på teater, når ein kan sitje på kafé og skravle med kvarandre utan munnbind, seier ho.

Publisert: 21.01.2022 08:46

Sist oppdatert: 21.01.2022 08:51