Inger synnøve remme foto marius 11
TILBAKE: Inger Synnøve Remme er tilbake i kommunen for å realisere næringsstrategien. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Remme er tilbake: Skal gjennomføre næringsstrategien

Inger Synnøve Remme er tilbake for å knyte band mellom kommunen og næringslivet.

Kjell Arne Steinsvik
14.08.2022

– Eg byrjar på ein måte der eg slapp sist. Hovudfokuset vert næringsstrategien og å få den frå ord til handling, seier Remme.

Remme starta som næringssjef i Ålesund i januar 2020, der ho mellom anna leia arbeidet med å utvikle ein næringsstrategi for kommunen.

Våren 2021 fekk Remme eitt års permisjon frå stillinga frå 1. august for å jobbe som rådgjevar hos Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal.

Stillinga som næringssjef vart ikkje fylt i mellomtida, noko som skapte reaksjonar frå fleire hald.

No er Remme altså tilbake i Ålesund kommune. Ikkje som næringssjef, men som næringskontakt og rådgivar. Denne stillinga er i stor grad ei erstatning for den tidlegare stillinga som næringssjef, som vart teke veke etter den siste omstruktureringa.

Næringsstrategien

Kommunen såg likevel at det er svært viktig å ha nokon i administrasjonen som har spesielt fokus på næringslivet. Det vart difor oppretta ei rådgjevarstilling i kommunalsjef for samfunn, Malin Piegsa, sitt team

– Det er viktig å ha ein person som snakkar næringslivet si sak og er ein lyttepost for næringslivet inn mot det offentlege. Difor bestemte ein seg for å ha ein rådgjevar med fokus på næringslivet, seier Remme.

Ho håper samarbeidet mellom kommune og næringsliv vert prioritert.

– Det er viktig at kommunen ser at dette er viktig. Det er noko Ålesund tidlegare har sakna. Eg er no i eit team, og eg håper vi kan utvide det om nokre år.

Det første ho skal ta til med, er å få realisert næringsstrategien i Ålesund, som vart utarbeidd i eit samarbeid mellom kommunen og næringslivet, og vedteken av politikarane.

Korleis går ein frå ord til handling?

– Vi må få på plass tiltaka slik at vi kan klare å nå måla vi sette i næringsstrategien. Vi har hatt fokus på ein del område, og det er ganske mange punkt vi ønskjer å få på plass og få orden på. Dette er noko næringslivet og ulike aktørar må hjelpe oss med, men vi må også ta interne grep.

Hand i hand

Kvifor viktig at kommunen har eit godt samarbeid med næringslivet?

– Næringsutvikling og samfunnsutvikling går hand i hand. Ein får ikkje samfunnsutvikling utan eit sterkt næringsliv, og heller ikkje omvendt. Difor må vi ha fokus på og forstå korleis dei ulike næringane opererer, og næringslivet må forstå prosessane det offentlege må gjere.

Noko av det Remme ser som mest teneleg, er tydeleg dialog og møteplassar mellom det offentlege og næringslivet.

– Det er ei framoverlent kommune. Ho er ny, med ulike kulturar frå dei gamle kommunane som skal flettast til ein ny. Vi treng tid til at dette skal gå seg til og finne ut kva som er bra og kva som er mindre bra. Så skal vi gjere det beste ut av det og utvikle kommunen og regionen til noko som både næringslivet og innbyggjarane føler er ein region dei vil til og bu i.

Kva bør prioriterast for utvikling i åra framover?

– Rekruttering er det noko av det viktigaste vi kan setje fokus på. Eg brenn for kompetanse og rekruttering. Det er essensielt at vi har næringsnære utdanningar som næringslivet vårt treng.

Nettverk

Ålesunds-ordførar Eva Vinje Aurdal er letta over at dei har fått Remme tilbake i staben.

– Eg er veldig nøgd med at Inger Synnøve Remme, som har hatt eitt års permisjon, vel å kome tilbake til å fylle denne rolla. Ho er ein kjemperessurs for oss med det nettverket ho har opparbeidd, og ho kjenner organisasjonen og næringslivet godt, seier Aurdal.

Ordføraren håper vidare at stillinga vil styrkje samarbeidet med næringslivet og at dei no skal få gjennomført planane dei har.

– Vi ønskjer å vere ein kommune som er næringsvenleg og legg til rette for god kontakt mellom oss som kommune og næringslivet. Det er ei forsterking av dei ønskja og målsetjingane vi har på dei områda. Vi har ein relativt fersk næringsstrategi som vi har vedteke og brenn etter å setje ut i livet.

Publisert: 14.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 13.08.2022 19:13