Knallraudt for Heroeyterminalen
TAP: Refa Group driv Herøyterminalen vidare, men er på jakt etter ein kjøpar som også kan drive hurtigruteekspedisjon.
Nytt

Knallraudt for Herøyterminalen

Herøyterminalen i Torvik tapte 1,7 millionar kroner i 2013. No er selskapet avvikla, men morselskapet Refa Group driv motvillig vidare. 

13.08.2014
Inntektene for Herøyterminalen kom samla opp i 2,7 millionar kroner i 2013. Kostnadene var samstundes på 4,4 millionar, og styret vedtok at drifta skulle avviklast.
Herøy kommune selde terminalen til Herøy-selskapet Frøystad Fiskevegn i 2003. Dette selskapet vart seinare slått saman med Refa Group frå Finnes i Troms.
Sidan 2011 har Refa Group drive terminalen med underskot, og har ønskt å selje terminalen. Dette protesterte kommunen på, som meinte at Refa var pliktig til å drive hurtigruteekspedisjonen vidare, sjølv om selskapet Herøyterminalen gjekk med tap.

Prøvar å selje

Striden med kommunen er løyst ved at Refa driv vidare inntil selskapet finn ein kjøpar som også kan ta på seg pliktene overfor drifting av hurtigruteanløpet i Torvik.
Løysinga er skjedd i dialog med Nor-Lines og Hurtigruten, som har vore selskapet sine hovedsamarbeidspartar.
Herøyterminalen har faste hurtigruteanløp både for nordgåande og sørgåande hurtigrute.
Styret for Herøyterminalen opplyser i årsmeldinga for 2013 at det meste av gjelda i selsakapet er til Refa Group. Styret meiner dermed at eksterne kreditorar skal få betalt for sine leveransar til selskapet.

Publisert: 13.08.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36