Hormuzsundet blir gjenopna som følgje av våpenkvila mellom USA, Israel og Iran. Det førte til eit kraftig fall i oljeprisen onsdag. Ved 10-tida er prisen for Brent-olje ned kring ti prosent, til 93,50 dollar per fat.
Det førte også til at Oslo børs fall kraftig frå starten av handelen. Etter nær ein times handel var hovudindeksen ned over tre prosent.
Uansett vil det gå lang tid før pris og tilgang på drivstoff blir som normalt, trur ekspertar.
– Det kan ta månader, seier sjefanalytikar Thina Saltvedt i Nordea til NRK.
Kunngjorde våpenkvile
Etter ein stadig meir truande tone og ei utsegn om at ein heil sivilisasjon kom til å døy, kunngjorde USAs president Donald Trump natt til onsdag ei våpenkvile i krigen mot Iran.
Avtalen går ut på at USA og Israel stansar angrepa mot Iran i to veker mot at Iran opnar for skipstrafikk gjennom Hormuzsundet.
At olje- og gassprisane stupte i natt og i morgontimane vil på sikt føre til at prisane på bensin, diesel og flybensin går ned, seier Saltvedt.
– Det tyder på at marknaden har tillit til at det no skal bli nokre rolegare veker.
Har innført drivstofftillegg
Dei stigande oljeprisane har den siste tida ført til at mange flyselskap har innført mellombelse drivstofftillegg. SAS varsla at dei i april vil kansellera 1000 flygingar på grunn av høge olje- og flydrivstoffprisar.
No, trass i våpenkvila, vil det likevel truleg ta månader før tilgangen og prisen på flybensin normaliserer seg – sjølv dersom Hormuzsundet blir halde ope på lang sikt, ifølgje Den internasjonale luftfartsorganisasjonen (IATA).
– Eg trur ikkje det kjem til å skje i løpet av nokre veker, seier IATA-sjef Willie Walsh til nyheitsbyrået AFP.
Publisert: 08.04.2026 09:51
Sist oppdatert: 08.04.2026 09:51






