NTB k2gp Of Q Wx1 I
SKEPTISK TIL MAKSPRIS: – Dersom Stortinget skal gjere vedtak, så må det gjere gjennomtenkte vedtak, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) før straummøtet. Han har mellom anna åtvara om at makspris på straum kan ha motsett effekt og føre til auka forbruk. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Nytt

Legg fram straum-plan

Stor spenning før straummøtet i Stortinget – opposisjonen har klare krav.

19.09.2022

NPK-NTB: I dag legg regjeringa fram planen sin for å motverke energikrisa og galopperande straumprisar i Noreg. På Stortinget er krava store og forventningane mange.

I forklaringa si har olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) lova ein heilskapleg gjennomgang av situasjonen Noreg er i, tiltaka regjeringa har gjennomført, og tiltaka dei kjem til å gjennomføre.

Statsråden har halde korta tett til brystet når det gjeld kva som vil bli lagt fram, men søndag kveld røpte han eitt av tiltaka til VG.

Det inneber ei forsterkning i form av meir pengar til NVE og Olje- og energidepartementet for å styrkje bemanning og kapasitet innan saksbehandling. Forslaget kjem i statsbudsjettet neste år.

Klare krav
Eit einstemmig presidentskap vedtok i august at Stortinget skulle kallast inn til møte i plenum tidlegare enn normalt som følgje av straumsituasjonen. Den offisielle opninga av Stortinget skjer normalt først i oktober.

Opposisjonen har uttalt at dei forventar klar tale og handfaste grep frå regjeringa. Fleire parti har varsla eigne forslag, men det er ikkje lagt opp til ein eigen debatt om desse.

Venstre og SV har overfor NTB trekt fram støtte til energisparing som viktig. For sistnemnde er også ei forbetra straumstøtte til hushalda og reforhandling av avtalane rundt utanlandskablane avgjerande.

Makspris på straum blir viktig
Høgre har bede regjeringa komme med tiltak som bidreg til raskare utbygging av fornybar energi og meir energieffektivisering på kort sikt. Raudt og Frp har opplyst til NTB at dei kjem til å krevje makspris på straum, avgrensing av eksport og reforhandling av kabelavtalane.

Aasland har vore spesielt kritisk til forslaget om makspris på straum, som han meiner kan føre til auka forbruk og mindre investeringar i fornybarsektoren.


Publisert: 19.09.2022 08:28

Sist oppdatert: 19.09.2022 08:36