Monja arnesen ronny sørbotten coop 11
VARIERT UTVAL: Avdelingsleiar Monja Arnesen har mellom anna lefser frå Wenche's Bakeri frå Herøy i butikken som opnar til veka. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Veks med lokalmatprodusentane

Salet av lokalmat hos Coop Nordvest aukar stort. Lefser frå Herøy og bacalao frå Volda er mellom produkta som når langt fleire.

Marius Rosbach
27.02.2021

I desse dagar blir den nye Coop Extra-butikken på Hareid gjort klart til opning komande veke. Når «lokalmatsjef» Ronny Sørbotten i Coop Nordvest gjer klar avdelinga med matvarer frå lokale og regionale produsentar, er det ei nisje som blir stadig viktigare – både for konsernet – og lokale arbeidsplassar.

– Vi ønsker å vere ein salskanal for lokal mat og drikke, fortel Sørbotten medan han viser fram alt frå fenalår av villsau frå ei øy i Sognefjorden, til økologisk mjøl frå Volda Elektrisk Mylne.

NETT NO har tidlegare omtala lokalmatsatsinga til konsernet - som fekk ein ny boost i løpet av koronaåret 2020. Tala frå fjoråret viste eit sal av lokalmat på 175 millionar kroner. Det er ei auke på 18 millionar kroner - om lag 12 prosent frå 2019.

(saka held fram under)

Ronny sørbotten coop 11
AUKA SAL: Marknadssjef Ronny Sørbotten i Coop Nordvest fortel om auka sal av lokalmat. No har dei fleire enn 150 produsentar som leverer til konsernet. Foto: Marius Rosbach

– Lokalmat har auka jamt og trutt dei siste åra. Folk reiser meir enn før og opplever fleire matkulturar. Då prøvar dei også meir av nye ting. Det er ikkje så lenge sidan vi starta å selje smalahove frå Sogn og Fjordane i butikkane nordover. Også har det gått andre vegen med sodd-en som kanskje har sterkast kultur i Trøndelag, fortel Sørbotten.

Gir tilgang til større marknad
Med butikkar frå Sognefjorden og nord til Stokkøya i Trøndelag kan dei tilby lokale og regionale produsentar ein stor marknad – men utan at dei er nøyd til å ha ein avtale med ei landsdekkande kjede.

– I ein del tilfelle seier produsenten at dei ikkje har kapasitet til å lage meir enn dei gjer. Men vi har også produsentar som har starta i det små og som er blitt ganske store fordi dei har utvikla seg og ekspandert, fortel Sørbotten.

«Fantastisk utvikling»
Raud og kvit bacalao frå Volda Mat er nokre av produkta som no blir selt både sør og nord for Sunnmøre.

– Vi har tru på det produktet med lokal norsk fisk, og vi har selt mykje sidan lanseringa i haust, fortel Sørbotten.

(saka held fram under)

I ein del tilfelle seier produsenten at dei ikkje har kapasitet til å lage meir enn dei gjer. Men vi har også produsentar som har starta i det små og som er blitt ganske store
Ronny Sørbotten
Volda mat foto marius 11
BACALAO-SATSING: Raud og kvit bacalao frå Volda Mat blir no selt både sør og nord for Sunnmøre. Foto: Marius Rosbach

Dagleg leiar Hege Skurtveit i Volda-bedrifta fortel at salet via Coop Nordvest har bidrege til ei «fantastisk utvikling» for deira produkt. Potetball har óg vorte ein slager.

– Då vi lanserte glutenfri potetball, «balla det på seg». Her er salet er ganske likt mellom detaljist og storhushaldning, fortel Skurtveit til NETT NO.

– I tillegg har vi teke nokre steg internt for å betre flyten og produksjonskapasiteten, legg ho til.

Fjoråret enda med ny rekordomsetning på 17 millionar kroner – opp om lag to millionar frå året før – og kring 40 prosent auke sidan 2017.

– Den utviklinga har i stor grad å gjere med Coop-avtalen og potetballsalet. Samtidig har vi merka at lokalmat har vore veldig aktuelt i 2020, legg Skurtveit til.

(saka held fram under)

Hege skurtveit foto
VOLDA MAT: Dagleg leiar Hege Skurtveit har sju faste tilsette og fortel at salet via Coop Nordvest har bidrege til ei «fantastisk utvikling»

Vil vite kvar maten kjem frå
Monja Arnesen har ansvaret for lokalmatavdelinga på Hareid-butikken. Ho fortel at folk flest har vorte meir opptekne av produksjonsmåten bak det dei finn i hyllene.

– Vi merkar at spesielt dei unge er meir opptekne av kvar maten kjem frå, og korleis den er laga, fortel ho.

Avdelingsleiaren har fleire lokale produkt i hyllene. I frysaren ligg boksar frå Storfjord Iskrem - ein anna produsent som no sel varene sine i eit større område.

– Og i iskremen er det både jordbær frå Valldalen og sjokolade frå Geiranger, skyt Arnesen inn.

Heimebakeri i Tjørvåg
Ved sidan av ligg lefser frå Wenche’s Bakeri. Dei blir levert frå heimebedrifta til Wenche Ulvestad på Nautøya. Ho har vore i bransjen sidan 2013, og la om til aksjeselskap i fjor.

– Vi har bakeri i kjellaren, der vi lagar hardingar og lefse. Avtalen med Coop har verkeleg opna dører, fortel ho til NETT NO.

For tida leverer dei til butikkar i alle kommunane på søre Sunnmøre, i tillegg til Obs i Ålesund. Meny Fosnavåg er også mellom deira største kundar.

(saka held fram under)

Wenches bakeri ulvestad 11
HEIMEBAKERI: For tid er det dottera til Wenche Ulvestad som driftar heimebakeriet som har lefser og hardingar i butikkar på søre Sunnmøre og i Ålesund. Foto: Marius Rosbach

Sjølv har Ulvestad vore nøydd til å overlate drifta av bakeriet til dottera, grunna ei bilulukke – men ho er framleis eigar og håpar bedrifta skal vere eit levebrød på sikt.

– Vi har auke omsetninga og på det meste kring juletider har vi arbeid til tre personar, fortel ho.

Jobbar med å utvide sesongen
I Coop-butikken i Hareid ser Ronny Sørbotten på satsinga med lokalmat i eit vidare perspektiv; At det er ein måte å bidra til lokal busetnad i distrikta.

– Å gi produsentane moglegheitene til å selje i større omfang kan vere viktig for arbeidsplassane deira, fortel han.

Ein anna måte å gjere det enklare å vere lokalmatprodusent, er å utvide sesongen. I mange år har hausten og jula vore desidert høgsesong, men det er i ferd med å endre seg og etterspurnaden blir jamnare.

(saka held fram under)

Ronny sørbotten coop 22
LOKALT ØL: Interessa for lokal ølproduksjon har auka dei siste åra, og har ein naturleg plass i i hyllene til Ronny Sørbotten. Foto: Marius Rosbach

«Lokalmat som kvardags» er blitt eit stikkord for Sørbotten.

– Om fleire skal klare å leve av lokal matproduksjon, må ein gjerne kunne selje mat ein kan ete både til kvardags og fest, fortel han.

Når Sørbotten blir utfordra på om det er noko han saknar i landsdelen konsernet operer i, må han tenke seg godt om.

– Vi har eit stort område med ulike kulturar. Her på Sunnmøre er det ikkje så mykje saft og syltetøy, som dei er sterke på lengre sør. Samtidig kunne eg kanskje ønske meg fleire osteprodusentar i sør – sjølv om det er mykje god geitost, skundar han seg å legge til.

Publisert: 27.02.2021 05:55

Sist oppdatert: 03.03.2021 10:03

Mer om