M Aritime Motor sal fv Ronny Vik daglig leder Maritim Motor AS Nils Eirik Wenaas daglig leder Wenaas Eftf Roy Reite CEO Nogva gruppen
AVTALE: Frå venstre dagleg leiar Ronny Vik i Maritim Motor, dagleg leiag Nils Eirik Wenaas i Wenaas Eftf. Nogva Gruppen-sjef Roy Reite.
Nytt

Nogva Gruppen kjøper Maritim Motor

Selgarane, Wenaas Eftf og dagleg leiar Ronny Vik, blir medeigarar i Nogva Gruppen.

09.01.2026

Maritim Motor i Tomrefjord forhandlar og driv service på skipsmotorar. I 2024 hadde selskapet 94 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på 16,6 millionar kroner.

No blir selskapet og dei omlag 30 tilsette ein del av Nogva Gruppen, med hovudkontor i Søvika i Haram.

"Vi er svært glade for å ønske Maritim Motor velkommen til Nogva-konsernet. Maritim Motor har gjennom mange år bygget opp en markedsledende posisjon innenfor sitt fokussegment, basert på stor kompetanse, høy kvalitet og langvarige kundeforhold. Dette gir oss et solid utgangspunkt for at vi sammen kan realisere videre vekst og utvikling", seier konsernsjef  Roy Reite i Nogva Gruppen i ei pressemelding.

Kjøpesummen er ikkje opplyst.

Fleire kjøp
Nogva Gruppen (tidlegare Nogva Motorfabrikk-konsernet) hadde 657 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på 77 millionar kroner i 2024).

Tidleg i 2025 ble eit fond sett opp av Credo Partners 51 prosent eigar i Nogva Motorfabrikk etter ein salsprosess som starte  tidleg på hausten 2023, medan dei opphavlege eigarfamilien blei sittande med resten.

Kjøpet av Martim Motor er det andre oppkjøpet til Nogva Gruppen etter at Credo Partners kom inn på eigarsida. Det første var kjøpet av Marine Parts & Propulsion i Bergen

Marine Parts & Propulsion driv sal av og service på motorar, thrusterar og generatorar.

Blir med vidare
Maritim Motor hadde to eigarar, Wenaas Eftf (70 prosent) og dagleg leigar Ronny Vik sitt selskap Rev Holding (30 prosent). 

Begge reinvesterer deler av salssummen og blir med som medeigarar i Nogva Gruppen, med omlag fem prosent eigarandel kvar, ifølgje Wenaas Eftf-sjef Nils Eirik Wenaas.

Samtalane om eit kjøp starta i fjor haust, seier Wenaas.

"Dette er et partnerskap som gir veldig god mening, og som vil bidra til at vi kan bli en enda sterkere leverandør for både våre leverandører og kunder. Nogva og Maritim Motor har blitt bygget på de samme grunnprinsippene om kompetanse, kvalitet og rask leveransetid til våre kunder. At vi nå går sammen gjør at vi på den ene siden vil fortsette å betjene våre kunder ut fra Tomrefjord som vi alltid har gjort, samtidig som vi sammen med andre Nogva-selskaper kan levere en større totalpakke", seier dagleg leiar Ronny Vik i Maritim Motor i pressemeldinga.

Publisert: 09.01.2026 12:45

Sist oppdatert: 09.01.2026 13:43

Mer om