Nytt

NVE spår boom

Kapasiteten for straumproduksjon kan auka 10–15 prosent på få år.

04.12.2025

NPK-NTB:

Etter mange år med få nye konsesjonar for kraftproduksjon, er ein kraftig auke på gang. I løpet av får år kan straumproduksjonen i Noreg auka med 10–15 prosent.

Dei første ni månadene i år har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) behandla fleire saker om kraftproduksjon enn i heile 2024, skriv NVE i ei pressemelding.

Summen kan bli ein monaleg auka kapasitet i kraftbransjen, meiner NVE-sjef Kjetil Lund.

– Vi snakkar om ein auke i installert kapasitet i det norske kraftsystemet på kanskje 10–15 prosent i løpet av få år. Det er mykje, i ein sektor som har vore bygd opp over meir enn 100 år, seier Lund til E24.

«Installert kapasitet» betyr kor mykje straum som alle norske kraftverk, frå vatn til vind, samla kan produsera under optimale forhold.

Både kraftverrk og nett
NVE har no publisert kvartalsrapporten for konsesjons- og detaljplanbehandling for tredje kvartal 2025.

– Vi ser ein tydeleg auke i talet på store kraftprosjekt og nettanlegg, noko som speglar den høge aktiviteten i kraftbransjen. Totalt har vi behandla 551 konsesjonssaker, og ferdigstilt 228 detaljplanvedtak innanfor nett, vass-, sol- og vindkraft. Framover forventar vi ein vedhaldande auke i talet på saker, seier Inga Nordberg, direktør i energi- og konsesjonsavdelinga, i pressemeldinga.

Publisert: 04.12.2025 14:31

Sist oppdatert: 04.12.2025 14:31