Havila Pollux og Havila Polaris sjøsetting Tersan foto Havila Kystruten11
TYRKIA: Havila Kystruten sine skip Havila Pollux og Havila Polaris er mellom ei rekke skip som er bygd i Tyrkia dei siste åra. Det har vore kraftige reaksjonar på at eksportgarantietaten, Eksfin, vurderer nye garantiar for å vege opp for den politiske usikkerheita som er knytt til å inngå store kontraktar i Tyrkia. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Om å gjere å ha to tankar i hovudet samtidig

At norske verft kritiserer statleg støtte til skipsbygging i Tyrkia, kan vere eit skot for eigen baug.

Marius Rosbach
25.09.2022

Analyse: Det gode må ikkje bli det beste sin fiende, heiter det i eit ordtak. Det kan vere verdt å legge på minnet når skipsverfta skal kjempe for betre vilkår.

Då det nyleg blei kjent at norske styresmakter vurderer å styrke garantiane ved bygging av skip i Tyrkia via Eksfin - Eksportfinansiering Norge – vekte det sterke reaksjonar.

«Bransjen er rysta», fortalde Myklebust Verft-sjefen og Norske Skipsverft meiner det ikkje «kan ikkje vere rett at den norske stat skal ta rekninga». Endåtil Ap sin næringspolitiske talsperson Per Vidar Kjølmoen var «overraska og kritisk».

Teke i betraktning at verftsbransjen dei siste åra har opplevd å få mindre draghjelp enn andre delar av maritim næring, er det ikkje rart at temperaturen nådde kokepunktet i delar av næringa. Likevel er det gode grunnar til å tenke seg om ein gong til.

Ein kan kanskje ønske at midlar som nyttast til å støtte skipsbygging i utlandet, i staden blei nytta til å hjelpe norske verft. Men samtidig er slik støtte med å gi utstyrsleverandørane i den maritime klynga inntekter dei har behov for. Skipsbygginga som skjer her til lands, gir åleine på langt nær nok arbeid til desse bedriftene.

Difor bør norske styresmakter både støtte skipsbygging i utlandet som inneber norske utstyrleveransar – og bygging av skip ved verft langs norskekysten. Meir vanskeleg treng det eigentleg ikkje vere. Likevel har næringsdepartementet i vekesvis latt vere å svare på spørsmål om saka, utover at næringsministeren ville undersøke saka.

I staden kom eit slags svar til bransjen då avdelingsdirektør Olav Einar Rygg i Eksfin kom til årets maritime klyngekonferanse i Ålesund denne veka. Han erkjente at det kjendest litt som å kome til «løvens hule», men var tydeleg i sitt forsvar av ordninga.

Eksfin-direktøren meinte at fleire medieoppslag om Tyrkia-støtta hadde bidrege til misforståingar. Rygg påpeika at garantiane frå det norske eksportapparatet til utstyrsleveransar ved tyrkiske verft, har ei anna utforming enn støtteordningane til skipsbygging i Norge. Kort fortalt utgjer ordninga ei svakare form for støtte, og dei garanterer for eksempel ikkje at båten skal bli levert til rett tid og avtalt pris.

Det viktigaste Eksfin-direktøren hadde på hjartet var likevel påpeikinga om at dette dreia seg om ein balanse mellom å støtte utstyrseksport og bygging av skip ved norske verft.

Klyngeanalysen Menon Economics la fram før Eksfin-direktøren kom på scena, understreka poenget. Årets rapport viser meir optimistiske framtidsutsikter for klynga – men at verfta framleis har store utfordringar. Sjølv om ein del verft har hatt velfylte ordrebøker, har det vore smalhans hos dei store nybyggingsverfta.

Trass i at verfta har hatt ordretørke har utstyrsleverandørane halde aktiviteten oppe. Desse bedriftene er no dei fremste vekstdrivarane i klynga, saman med tenesteyting som skipsdesign. Begge desse delane av klynga hadde i fjor ein eksportandel på meir enn 60 prosent. Dei fann med andre ord arbeid i utlandet når nybyggingsoppdraga ved norske verft uteblei.

Det er aktivitet som kjem verfta til gode i neste omgang. Bedriftene i klynga er gjensidig avhengige av kvarandre, og neste gong verfta skal ut i marknaden med oppdrag, er det i deira interesse at utstyrsleverandørane i regionen framleis er i business og kan levere.

Når bransjen klagar over kva draghjelp dei får, er det også verdt å ha Menon Economics-partner Eirik Jakobsen si påpeiking i minne: Det norske verkemiddelapparatet er truleg mellom dei mest omfangsrike i heile verda.

Når det er sagt: At verfta ikkje er tilgodesett med kraftigare hjelpemiddel, er framles ei gåte all den tid det er tverrpolitisk einigheit om å satse på havnæringane.

Då Tore Ulstein blei bedt om å trekke fram kva han ønska seg for å fremme norsk maritim eksport, trekte han fram to ting: Eit fond for å finansiere ombygging av skip og ein variant av tax-leaseordninga sør i Europa.

Ei gruppe bedrifter i maritim næring peika i same retning i ein rapport næringsministeren fekk på sitt bord i sommar. Det kunne vore ein stad å starte.

Publisert: 25.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 10.10.2022 06:49

Mer om