Advokatane i sal 828 i Oslo tingrett er framleis berre halvvegs i dei innleiande forklaringane i det 26 veker lange rettsdramaet mellom to av Norges rikaste menn.
Finansmann og investor Christen Sveaas føler seg snytt av finansmann og investor Kjell Inge Røkke under prosessen med å berge Solstad Offshore.
Oppgjeret vil trekke eit stort antal kjende finansnamn inn i vitneboksa - inkludert Røkke sjølv.
Det er ikkje fyrste gang dei to er i tottane på kvarandre, og heller ikkje fyrste gang nokon skuldar Røkke for ureint spel.
Blant dei står særleg tre sunnmøringar som både har feider med Røkke tidlegare, og no er direkte eller indirekte involvert i det pågåande Solstad.-oppgjeret: Herøy-brørne Åge og Stig Remøy, og tidlegare Farstad Shipping-eigar Sverre Farstad.

Rem-varpet
Storebror Åge Remøy sin forbitrelse mot Røkke skriv seg frå 2016.
Remøy hadde då fått på plass det han meinte var ei langsiktig og lokal løysing for Rem Offshore. Men Aker kjøpte seg opp i eit obligasjonslån og blokkerte planen. I Nettavisen har Remøy omtalt dette som eit bakhaldsangrep.
Remøy er også indirekte involvert i den pågåande striden mellom Sveaas og Røkke. Under offshorekrisa i 2016 vart Rem Offshore fusjonert inn i Solstad, saman med det tidlegare offshoreselskapet Deep Sea supply.
Som del av avtalen vart Remøy ein av eigarane i Solstad, og partane var i strid om styrkeforhold, stemmerett og makt i selskapet.
Han har mellom anna skulda Røkke og Aker for å styre selskapet i retningar som gagnar dei sjølve, framfor minoritetsaksjonærane. Remøy selde seg kraftig ned i Solstad i 2017.

Avtalebrot
Tidlegare styreleiar i Farstad Shipping, Sverre Andreas Farstad, har skulda Røkke for å ha brote eit løfte han kom i forhandlingane då det kriseramma Ålesund-selskapet vart fusjonert med Solstad Offshore.
– Det kom eit klart løfte frå Røkke om at ankerhåndteringsskipa skulle styrast ut fra Ålesund, inkludert kontora i Brasil og Australia. Eg snakka også litt om å utvikle konseptet. Eg ville aldri gått vidare uten desse løfta, sa Farstad til Finansavisen i 2018.
Publisert: 18.10.2025 05:00
Sist oppdatert: 17.10.2025 21:52






