NTB X7db RX Bko B0 2 IKKJE BRUK
Internasjonal skipsfart har noko å lære av pingvinar, meiner forskarar ved Sintef. Foto: Halvard Alvik/ NTB / NPK
Nytt

– Skipsnæringa kan lære av pingvinane

Pingvinane slepper ut luftbobler for å minske motstanden i sjøen. Forskarar meiner dette kan overførast til store skip.

NPK
09.09.2025

NPK: 70–80 prosent av motstanden skipet opplever i sjøen, kjem frå møtet mellom skrog og vatn. Denne motstanden kan minkast med mellom 10 og 20 prosent, meiner forskarar ved NTNU og Sintef.

Dette går fram av ein artikkel i forskingsmagasinet Gemini.

For å forstå meir om korleis luftsmørjing fungerer, brukar forskarane både eksperiment i laboratorium og numeriske verktøy for å analysere boblene. Korleis bevegar dei seg, når og kvar sprekk dei, og kva effekt har det?

Forskarane meiner at for å få til denne effekten, er det naudsynt med eit intrikat samspel mellom skrogdesign, luftsmørjing og val av propellar. Alt må klaffe for at luftsmørjinga skal fungere optimalt. Blir det feil, kan det føre til auka energibruk.

For målet er å få ned drivstofforbruket i skipsfart. Over 80 prosent av alt gods i verda målt i volum blir frakta på skip. Denne transporten står for tre prosent av dei globale drivhusgassutsleppa, ifølgje UN Trade and Development (UNCTAD).

– Mange tenkjer nok at vi ganske enkelt kan byte ut drivstoff eller kanskje gjere desse store skipa heilt elektriske, men per i dag har ikkje teknologien kome så langt. Batteripakkane åleine måtte ha teke plassen til alt godset som skulle fraktast, seier spesialrådgivar Kourosh Koushan i Sintef.

 

Publisert: 09.09.2025 12:46

Sist oppdatert: 09.09.2025 12:46