Gravestart hellesylt Norwegian Hydrogen foto Norwegian Hydrogen
PILOTPROSJET: Hydrogenfabrikken på Hellsylt blir den første Norwegian Hydrogen byggjer. Planen er bygge hydrogenproduksjonsanlegg. Foto: Norwegian Hydrogen
Nytt

Starta bygging av hydrogenfabrikk

Skal produsere hydrogen på Hellesylt neste år. I dag starta gravinga.

02.11.2022

Fabrikken på Hellesylt er den første fabrikken selskapet Norwegian Hydrogen byggjer og skal starte produksjon fjerde kvartal neste år.

Fabrikken er ein pilotprosjekt, og planen til selskapet er å byggje ei rekke slike fabrikkar og fyllestasjonar.

Målet er at å få hydrogen tatt i bruk som energiberar ombord i skip og båtar og i store lastebilar.

Hydrogen kan lagast ved å spalte vatn i oksygen og hydrogen ved hjelp elektrolyse. Når prosessen blir reversert frigjer den energi som blir brukt til å drive ei såkalla brenselcelle som lagar straum som driv elmotorar. Utslepp frå prosessen er vatn.

Om den elektriske straumen til prosessen er frå til dømes vasskraft - slik som blir tilfelle på Hellesylt, blir hydrogen eit CO2-utsleppsfritt drivstoff.

Marielle furnes mannseth thorstein jenssen foto Ogne
MANGLAR FYLLESTASJONAR: Merkevare og berekraftsjef Marielle Furnes Mannseth og finansdirektør Thorstein Jenssen i Norwegian Hydrogen med Toyota sin hydrogendrivne bil. Den vart nyleg henta frå Oslo til ein folkemøte på Hellesylt om hydrogenfabrikken nyleg. Rekkevidda er lang nok til å køyre Oslo - Hellesylt med ein tank hydrogen, men ikkje tilbake. Mangel på fyllestasjonar mellom Oslo og Nordverstlandet gjorde at bilen vart frakta på lastebil. Foto:

Større bilar
I prosessen frå vasskraft/vindkraft til elektrisistet og vidare til hydrogen og tilbake til elektrisitet går mykje energi tapt, til skilnad frå om elektrisiteten frå vasskrafta/vindkrafta blir brukt til å lade batteri - som i si tur driv elmotorane i bilar og båtar.

Den skilnaden favorisere batteri i personbilar og båtar som går kortare strekningar. Storleiken og tyngda på batteri som må til på lastebilar, tog og skip som skal på lenger strekningar gir hydrogen ein fordel.

Publisert: 02.11.2022 16:31

Sist oppdatert: 04.11.2022 10:39

Mer om