Dei fyrste dagane av Solstad-oppgjeret i Oslo tingrett har vore via Kistefos sitt innleiingsforedrag.
Christen Sveaas-eigde Kistefos har gått til søksmål mot Aker Capital, Solstad-styret og meklarhuset Pareto fordi dei meiner refinansieringa favoriserte Aker-systemet og var negativ for dei andre aksjonærane.
Sveaas sine advokatane freistar å vise at det fanst andre realistiske løysingar for å redde Solstad enn den omstridde restruktureringa med Kjell Inge Røkke og Aker.
Dette er Solstad-striden:
- I oktober 2023 melde kriseramma Solstad Offshore at det hadde blitt einige med kreditorane om ein refinansieringsavtale for å redde selskapet, i samarbeid med majoritetseigar Aker Capital.
- Røkke-eigde Aker gjekk inn 2,25 milliardar kroner, samstundes som ein stor del av flåten vart overført tili eit nytt dotterselskap, Solstad Maritime, der Aker Capital vart majoritetseigar.
- Minoritetsaksjonærane fekk berre begrensa tilgang til å delta i aksjesalget i det nye selskapet.
- Christen Sveaas sitt selskap Kistefos som var nest største eigar i Solstad Offshore, meiner Aker fekk overta båtane på billegsal medan småeigarane vart utvatna.
- Sveaas-selskapet Kistefos har tatt ut erstatningssøksmål mot Aker Capital, Solstad-styret og meklarhuset Pareto. Saka startar i Oslo tingrett 7. oktober.
- Solstad var i 2017 Norges største reiarlag med 154 skip, då det fusjonerte med Deep Sea Supply og Farstad Shipping.
Ved hjelp av ei større mengde saksdokument og lydopptak frå telefonsamtalar og styremøter i Solstad, freista saksøkar vise at det tvert imot var stor interesse, både blant bankar og investorar, for dei redningsplanane som vart lansert før Aker-avtalen kom på bordet.
Måtte først finne ei løysing for skipet
Eit viktig forbehald som går igjen i samtalene rundt desse planane, er at Solstad fyrst må finne ei løysing rundt gjelda på 1,8 milliardar kroner knytt til Solstads gigantskip «Normand Maximus» - omtala som «Maximus-kravet».
I tillegg hadde reiarlaget ei sikra gjeld på cirka 11,4 milliardar kroner.
Solstad-styret og Aker-leiren er som kjent fullstendig ueinige i Kistefos sitt syn om at det fanst nokon gjennomførbare alternativ.
Ifølge styret hadde ingen andre partar presentert ein alternativ og heilskapleg refinansieringsplan som var mogleg å gjennomføre.

Rekordskip på fleire vis
Det nær 178 meter lange og 33 meter breie konstruksjonsskipet var det største offshoreskipet som er bygd ved eit norsk verft, og eit av dei største i verda.
Bygginga var opphavleg finansiert av et syndikatlån frå bankane DNB, NIBC, Swedbank, GIEK og Eksportkreditt Norge. Skipet vart leasa av Solstad, men eigd av Maximus Limited, der den britiske fondsforvaltaren AGC Equity Partners var største eigar gjennom MYF Maximus.
Prislappen på fartøyet hadde stige frå rundt 2 til 3,8 milliardar kroner då det blei døypt i juli 2016.
Skipet var det dyraste skipet Vard-konsernet hadde bygd, inntil oppdraget med Kjell Inge Røkke sitt Rev Ocean-skip kom inn i ordreboka.

Vart ein klamp om foten
Etter levering i 2016 starta skipet på ei langtidskontrakt på åtte år for det italienske oljeserviceselskapet Saipem som skulle vare til 2024.
Avtalen vart derimot kansellert av kunden halvvegs i løpet i 2020, noko som medførte at dei bakanforliggande finansieringsavtalane på skipet vart sagt opp. Solstad var garantist og vart påført ei ytterlegare gjeld på 1,8 milliardar kroner – noko som sterkt avgrensa selskapet si evne til å skaffe ny finansiering.
Tvisten førte til ein påfølgjande rettsstrid, som enda med at Solstad fekk utbetalt kring 400 millionar kroner frå Saipem. Det var også strid om eigarskapen til skipet.
I november 2024 fann Solstad endeleg ei løysing på Maximus-problemet etter eit forlik med den tidlegare eigaren MYF Maximus. Kravet som i utgangspunktet på 2,2 milliardar kroner, vart halvert. Det reduserte nettogjelda til Solstad med rundt éin milliard.
Uhellssvanger
Normand Maximus-skipet har vore følgt av fleire uheldige episodar sidan starten. Allereie under bygginga i Brattvåg sleit skroget seg under ekstremvêret «Tor» i 2016.
Opphavleg skulle overleveringa frå verftet skje i juli 2016, men det skulle gå ytterlegare tre månadar før alle formalitetar var på plass. Då hadde prislappen stige til nær 3 milliardar.
I 2017 vart skipet råka av ei arbeidsulukke der gassrøyr eksploderte under trykktesting på eit gassfelt utanfor Brasil. Ein tilsett for oljeserviceselskapet Baker Hughes miste livet og ein annan vart hardt skadd.
Publisert: 10.10.2025 11:48
Sist oppdatert: 10.10.2025 11:48






