Svenskar skal faa fart paa hotellet
EID: Svenskar har tatt over drifta av Nordfjord hotel på Nordfjordeid.
Nytt

Svenskar skal få fart på hotellet

Nordfjord Hotell har tapt pengar to siste åra. No skal eit svensk drivarpar få fart på drifta.

18.05.2016
Ved nyttår gav Eli Førde og Jostein Aarskog seg etter 33 år som drivarar av hotellet på Nordfjordeid.
Nytt vertskap er svenske Tomas Perers (32) og Katarina Norel (29).
På til hotellet vert det opplyst at begge kjem frå den svenske landsbygda nær Falun; Tomas Perers frå Sæter og Katarina Norel frå Bollnes.

Hotel Union Øye

Begge har vakse opp med skisport, friluftsliv og hestesport, så Nordfjordeid passar midt i blinken, vert det sagt.
Tomas Perers har mellom anna bakgrunn som kjøkensjef ved Hotel Union Øye i Norangsdalen. Sidan 2012 har paret arbeidd ved Fretheim Hotel i Myrkdalen og i Flåm.
No er det Nordfjord Hotell som gjeld, der resultatet før skatt enda så vidt i minus i 2015, medan omsetninga gjekk ned frå 22,9 til 22,1 millionar kroner.

Scandic-hotell

I mars 2015 vart hotellet Scandic-hotell og vart ein del av Scandic-kjeden innanfor sal og marknadsføring med booking.
Ifjølgje skulle hotellet på sal samarbeide mest med hotella på Vestlandet, Scandic Sunnfjord Hotel & SPA og hotella i Bergen og Haugesund.
- Vi har også gode kontaktar og kollegaer på Scandichotella i Ålesund, vart det sagt.

Badehus

Nordfjord Hotell er heileigd av Eidatunet, som er 50 prosent eigd av Jostein Årskog og 50 prosent av selskapet Adfons der Jan Martin Frislid er største aksjonær. Han er styreleiar i driftsselskapet.
Hotellet har 54 gjesterom med 110 senger. Hotellet har restaurant, kjøken, bar, møteromsavdeling for inntil 250 personar samt .
Ved siste årsskifte hadde hotellet 26,5 årsverk.

Publisert: 18.05.2016 11:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57