20220405 104018
NULLUTSLEPP: Henrik Burvang, leiar for Research & Innovation i Vard Design og salssjef Christian Utvik meiner at tida er inne til å gå frå ord til handling når det gjeld nullutsleppsskip. Vard posisjonerer seg. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Vi byggjer ikkje nullutsleppsskip på Teams

Vard lanserer storsatsing på nullutsleppsskip. – Viktig for å lukkast som verftsgruppe, seier salssjef.

08.04.2022

Under Nor-Shipping på Lillestrøm lanserte Vard satsinga Vard ZeroClass, ei storsatsing på nullutsleppskip.

Salssjef Christian Utvik meiner satsinga er viktig for å lukkast som selskap framover.

- Norge er ikkje eit lavkostland, og då er det heilt avgjerande at vi er best på ny teknologi og framtidas løysingar. Der skal vi vere, seier Utvik.

Bakgrunnen er det grøne skiftet og behovet for å gjere meir av skipsfarten utsleppsfri. Globalt står skipsfarten for tre prosent av dei samla utsleppa av karbondioksyd. Når Vard snakkar om nullutslepp, er det nettopp knytt til utslepp av CO2.

Meir frå Nor-Shipping:

Streng definisjon

Henrik Burvang, leiar for Research & Innovation, i Vard Design, seier at selskapet med sin ZeroClass har lagt seg på ein streng definisjon.

- Det er mange som snakkar om utsleppsfrie skip, og legg ulike definisjonar til grunn. Vi set som krav at eit utsleppsfritt skip skal kunne gå frå hamn til hamn basert på karbonfritt drivstoff eller batteridrift.

Burvang seier at det vert arbeidd med å utvikle teknologiske nyvinningar som reduserer dei øvrige utsleppa.

- Målet er å gjere skipa heilt utsleppsfrie og bruke minst muleg drivstoff.

Målet er å gjere skipa heilt utsleppsfrie og bruke minst muleg drivstoff
Henrik Burvang

Tett samarbeid i gruppa
Han seier at alt tyder på at drivstoff vert svært dyrt framover, og alle grep som reduserer drivstoff-forbruket er derfor svært viktige.

- Sentralt i dette står Vard sine metodar for optimalisering av baugdesign, skrog og avanserte simuleringar av skipets ulike energi- og styringssystem. Den samla kompetansen og det tette samarbeidet i gruppa, gjer at vi har spesielt gode føresetnadar for å integrere systema med ein heilskapleg filosofi i botn. Dette er det som må til for å oppnå optimale løysingar for drift og energieffektivitet.

Fleire forskingsprosjekt
Burvang viser også til at gjennom dei siste åra har Vard hatt stort fokus på å bygge kompetanse i forskningsprosjekt som gjer at selskapet har opparbeidd seg brei erfaring med teknologi for framtidas løysingar.

- Denne forskninga i samarbeid med leverandørar, klasseselskap og akademia har gjort at vi no er i posisjon til å kunne realisere skip med null- og lavutsleppsløysingar. Vi kan nemne at vi gjennom IPN-prosjektet Zero Coaster har oppnådd ei prinsipiell godkjenning (AIP – approval in principal) for eit bulkskip med ammoniakkløysing, i tillegg har vi arbeidd mykje med ei hydrogenløysing som har gjennomgått ein QRA-prosess (risikoanalyse) i det same prosjektet.

- Vi ser at desse erfaringane er svært overførbare til andre segment og at vi kan dra nytte av dei i utviklinga av design for andre segment.

20220405 104050
NOR-SHIPPING: Christian Utvik og Henrik Burvang under Nor-Shipping på Lillestrøm. Foto: Kjetil Haanes

Stordata-analyse
I PIEZO-prosjektet designar Vard Design ein batterielektrisk PSV der ein bruker datafangst frå seglande skip.

- Med desse dataa gjer vi ei stordata-analyse som mogleggjer batteribasert offshorelogistikk. I prosjektet er det også mykje fokus på ei offshoreladeløysing.

I første omgang har Vard utvikla utsleppsfrie konsept for ein PSV, eit fiskefartøy, ein kabelleggjar og eit spesialfartøy for offshore vind.

- Som ein integrert skipsbyggar demonstrerer vi omgrepet "one stop shop". Å tilby heile spekteret av tenester er nøkkelen til å oppnå vellykka nullutsleppsprosjekt, og gjennom vår lange erfaring er vi i stand til å møte det ukjente med sjølvtillit.- I den samanheng er vi heilt avhengige av at den maritime klynga på Nordvestlandet fungerer. Difor samarbeider vi også gjerne med aktørar utanfor Vard-familien, seier Christian Utvik.

Vi må nok ein gong bevise at vi kan handtere og byggje risikofylte prosjekt
Christian Utvik

På tide med handling
Salssjefen seier at det viktige med lanseringa er å omsette ord til handling.

- Det har i dei siste åra vorte vist mange flotte power-pointar om nullutslepp. Det har også vore ei lang rekke webinar om det same.

- Men vi byggjer ikkje nullutsleppsskip på Teams.

Utvik seier at Vard skal vise at desse skipa faktisk kan byggjast, og at det kan skje no.

- Vi må nok ein gong bevise at vi kan handtere og byggje risikofylte prosjekt, dei prosjekta som kan vise veg inn i framtida.

- Det er ikkje lenger nok å vere gode på å byggje stål. Vi skal vere framoverlente teknologisk.

Ulike løysingar i ulike land

Utvik og Burvang seier at det er store variasjonar i kva slags nullutsleppsløysingar reiarane ønsker seg.

- Det er i stor grad styrt av nasjonale satsingar og støtteordningar.

- I Storbritannia er det fokus på ammoniakk, i Danmark på metanol, i Norge på hydrogen. Saka er at vi skal kunne levere alle løysingane.

- Men nesten ingen reiarar i dag byggjer skip utan ein batteripakke om bord.

Begge er overbeviste om at denne satsinga kjem til rett tid.

- Ja, vi har lenge snakka om behovet for eit grønt skifte innan skipsfarten. No skjer det, og Vard skal vise at vi både har løysingane og kan byggje skipa.

Publisert: 08.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 08.04.2022 10:31

Mer om