Stillinger

Avdelingsleiar Mekanisk

Furene AS
Søknadsfrist: 22.08.2021
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Fast

Furene AS er ei arbeids- og inkluderingsbedrift med hovudkontor i Furene i Volda kommune. Furene sitt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknyting til arbeidslivet. Furene nyttar både næringslivet i regionen og interne arenaer som verkemiddel for å utøve dette.

Avdelinga leverer tenester til industrien på Søre Sunnmøre innan platebearbeiding, sveis og maskinering. Avdelinga har hatt god utvikling i omsetning og resultat etter investeringar i lokala og maskinparken siste åra. Auka oppdragsmengd har medført rekruttering av fleire tilsette, og avdelinga har ein god ordresituasjon. Som avdelingsleiar vert du sentral i å vidareføre den gode utviklinga.

Arbeidsoppgåver og ansvar

  • Leie drifta og ta eigarskap i utvikling av avdelinga
  • Ansvarleg for kundar, økonomi, personal og HMS
  • Utøve tydeleg personalleiing og bidra til utvikling av dei tilsette
  • Drive aktivt salsarbeid mot eksisterande og nye kundar
  • Leie og utvikle produksjonsprosessane
  • Produktutvikling – utvikle eigne produkt og produktutvikling i lag med kundar

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Kremmar med god forretnings- og organisasjonsforståing
  • God teknisk forståing – relevant utdanning og erfaring
  • Kreativ, med gode samarbeidsevner og eit sterkt ynskje om å skape resultat og trivsel i lag med andre
  • Resultatorientert, sjølvstendig og med sterk gjennomføringsevne
  • Ryddig og strukturert
  • God kjennskap til generell bruk av IT-verktøy, samt teikneprogram som AutoCAD og Inventor

God kjennskap til industrien i regionen og evne til å bygge nettverk i næringslivet, vert vektlagt.

Vi vil også legge vekt på leiarerfaring, men det er ikkje ein føresetnad. Først og fremst har du interesse og ynskje om leiarutfordringar og ser deg sjølv som ein leiar for ei avdeling med om lag 10 medarbeidarar.

Stillinga rapporterer til dagleg leiar og er ein av fire avdelingsleiarar.

Furene er ei arbeids- og inkluderingsbedrift, og det er krav om politiattest før tilsetting.

Arbeidsstad: Furene, Volda

Vi tilbyr:

  • Ein spanande jobb i ei solid samfunnsbedrift i stor utvikling
  • Fagleg dyktige og motiverte medarbeidarar
  • Løn etter avtale
  • Privat AFP ordning og gode forsikringsordningar

Søknadsfrist: 22.08.21

Ytterlegare informasjon:

Sjå www.furene.no ledig stilling eller kontakt:

Kst. adm. direktør Olav E. Torset på tlf. 995 32 486 eller HR-leiar Gro-Lise M. Rise på tlf. 974 87 094

Send søknad og CV til:

gro-lise.rise@furene.no og merk søknaden Mekanisk

Arbeidsgiver
Furene AS
Kontaktpersoner
Kst. adm. direktør Olav E. Torset på tlf. 995 32 486 / HR-leiar Gro-Lise M. Rise på tlf. 974 87 094