Stillinger

Eigedomsforvaltar

Havila AS
Søknadsfrist: 01.10.2021
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Fast

Havilagruppa har ei rekkje større kontoreigedomar, hotellbygg og industrilokale på Sunnmøre og i Stavanger-regionen.

Vi ser etter deg som kan forvalte bygga og vidareutvikle forretningsområdet. Stillinga er nyoppretta og har stort rom for den rette personen til spennande oppgaver og nyskaping.

Arbeidsoppgaver og ansvar er mellom anna:

  • Effektiv leiing av bygga
  • Forhandling og oppfølging av leigeavtalar
  • Marknadsføring og kontakt med nye leigetakarar
  • Forståing og kunnskap om fastsetting av leigeprisar og handtering av leigetakarar
  • Utvikling og oppfølging av tilstandsanalysar og vedlikehaldsplanar
  • Koordinering av vedlikehaldsarbeid og prosjekt
  • Auke eigedomsverdien gjennom langsiktige planar for utvikling og framtidige investeringsbehov

Kvalifikasjonar:

  • Relevant erfaring

Ferdigheiter, evner og haldningar:

  • Samarbeidsorientert og god til å etablere gode og effektive relasjonar
  • Solide organisatoriske evne
  • Stor arbeidskapasitet, strukturert, kvalitetsbevisst, pliktoppfyllande, kreativ og løysingsorientert.
  • Tek initiativ og er med på å spreie arbeidsglede på arbeidsplassen.

Vi tilbyr ein trygg og solid arbeidsplass i eit konsern med gode framtidsutsikter, konkurransedyktige lønnsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidsstad er ved Havila sitt hovudkontor i Fosnavåg. I tillegg må du rekne med noko reising til Havilagruppa sine bygg.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar i Havila AS, Per Sævik, mobil 905 92 914 eller dagleg leiar i Havila Ariel, Vegard Sævik, mobil 906 58 417

Søk på stillinga her innan 01.10.21.

Her legg du også CV, attestar og vitnemål. All kontakt om stillinga vert behandla konfidensielt.

Arbeidsgiver
Havila AS
Kontaktpersoner

Dagleg leiar i Havila AS, Per Sævik på tlf 905 92 914 / Dagleg leiar i Havila Ariel, Vegard Sævik på tlf 906 58 417