Stillinger

Forretningsutviklar IT

SpareBank 1 Søre Sunnmøre
Søknadsfrist: 01.06.2022
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Fast

Kravet til kompetanse og endringskraft er sentral i arbeidet med å bygge framtidas bank. For å styrke oss på dette området ser vi etter ein person som skal jobbe i grensesnittet mellom teknologi og forretning og som kan sjå potensiale for effektivisering og gevinstrealisering gjennom tiltak og prosessar som vert sett i verk.

Ei viktig oppgåve vil vere å avdekke kvar og korleis teknologiske løysingar kan forbetre og effektivisere arbeidsprosessar, samt å få implementert løysingane i system og organisasjon. Utviklinga i næringa krev at vi klarer å ta ut effekten i systema våre, samt å effektivisere måten vi jobbar på. Dette krev endring i kompetanse og i åtferd. Rolla vil samhandle på tvers av alle avdelingar og krev at ein har evne til å samarbeide og kommunisere på ein positiv og konstruktiv måte.

Vi er ute etter ein person som har:

  • Generelt god IT-kompetanse.
  • God til å identifisere og forstå forretningsbehov og lage løysingar som stettar desse.
  • Svært god kompetanse på funksjonaliteten i Microsoft sine skytenester, spesielt evne og interesse for å bygge og tilpasse løysingar basert på SharePoint Online.
  • Erfaring frå Microsoft si Power-plattform er ein fordel.
  • Nokre års erfaring innanfor grensesnittet IT/forretning.

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og handlekraftig.
  • Nysgjerrig, framoverlent og teknologisk interessert.
  • Initiativrik og serviceorientert.
  • Analytisk og strukturert.


Vi kan tilby ein spanande jobb med gode vilkår i eit positivt arbeidsmiljø.

Nærmare opplysningar finn du ved å kontakte banksjef innovasjon og organisasjonsutvikling Rolf Driveklepp tlf. 982 87 828 eller Banksjef marknad og kundereise, Kari Melle tlf. 402 02 840.

Søk her

Søknadsfrist: 1. juni 2022

Om SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Sparebank 1 Søre Sunnmøre er ein solid og sjølvstendig bank med lokal forankring. Banken har hovudkontor i Volda, og avdelingskontor i Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg.


Arbeidsgiver
SpareBank 1 Søre Sunnmøre
Kontaktpersoner

Rolf Driveklepp

Banksjef innovasjon og org. utvikling
  • 98287828

Kari Melle

Banksjef marknad og kundereise
  • 40202840